• Viss Hydro har gjort ei slik vurdering, går eg ut frå at det har vore nokon frå Hydro lokalt som har signalisert, seier leiar Olav Støylen i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund.

I går kunne BT avsløre at Norsk Hydro i ein intern rapport skreiv at det kunne vere farleg for konsernsjefane å røre seg i Høyanger og Årdal. Rapporten ser for seg at frustrerte tilsette kan ta i bruk ekstreme verkemiddel.

I går var lokale tillitsvalde frå industristadene i møte med Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund i Oslo. Leiar Olav Støylen har ikkje forståing for at leiinga føler seg truga.

— Det er ingen indikasjon på at nokon i vårt forbundssystem på nokon som helst måte er involvert i noko slikt, seier Støylen, som antydar at opplysningane kan vera planta av folk som vil undergrave dei tillitsvaldes kamp.

- KGB-system

Støylen meiner det må vere nokon i den lokale Hydro-leiinga som har sendt meldingar til Oslo om moglege trugsmål.

— Eg har vanskeleg for å tru at Reiten & Co. har etablert eit Hydros KGB-system for å finne ut slikt, seier Støylen, som meiner Hydro-leiinga ikkje har noko å frykte.

— Det er naturleg at det fell nokre harde ord, men eg har aldri nokon gong registrert at nokon er blitt utsett for noka fysisk forulemping, seier han.

For nokre år sidan møtte konserndirektør Eivind Reiten opp på Herøya med Securitas-vakter, då Hydro skulle leggje ned magnesiumproduksjonen der. Støylen ser ikkje det som noko teikn på at Hydro-leiinga er redd sine eigne tilsette.

— Eg trur det som skjedde på Herøya, var for å komme gjennom folkemassen, seier Støylen, som sjølv har bakgrunn frå Hydro.

Han meiner det ikkje er Hydro-leiinga som har mest å frykte i desse dagar.

— I dette tilfellet er det dei tilsette, som mister arbeidsplassane sine, som er dei einaste som har noko å frykte, seier han.

Telenor har og vore uroa

Norsk Hydro er ikkje dei einaste som fryktar for sjefane når konsernet legg ned arbeidsplassar. Telenor har òg gjort tilsvarande vurderingar, men seier dei ikkje har funne grunn til å be sjefane passe seg.

Telenor har det siste tiåret gått gjennom fleire store omstillingar. Tusenvis har mista arbeidsplassen. Ikkje alle har vore like glade for det, og tryggleiksavdelinga har difor fleire gonger vurdert om tryggleiken til toppleiinga har vore truga.

— Ja, det ville vera heilt feil av oss ikkje å vurdere om det er nokon som vil gjere noko både internt og eksternt, seier tryggleiksdirektør Jan Erik Svensson i Telenor.

Han seier dei likevel ikkje har funne grunn til å åtvare sjefane mot sinte, oppsagde arbeidarar.

— Vi har aldri kome i den situasjon at det har vore naudsynt å verne toppleiinga i slike samanhengar, seier han.

Svensson seier dei vurderer alle typar trugsmål.

— Det kan vera alt frå verbale trugsmål via elektroniske til fysiske tiltak frå personar som føler dei er blitt sagt opp utan grunn, seier Svensson.

Eit anna føretak som har sparka mange tilsette dei siste åra er Posten. Tryggleikssjef Arnfinn Nordheim seier dei kjenner til problemstillingane, men at dei kun har vurdert trugsmål mot konsernleiinga på generelt grunnlag. Ikkje i samband med konkrete oppseiingar.

ÅTVARINGAR: Faksimile av Hydro-dokumentet som fortel om terrorfrykta i selskapet.<