EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noHaugesund kommune varsla i går at dei vil gå rettens veg for å få Nomadic Shipping til å fjerne vraket av "Green Ålesund" frå Bleivik utanfor Haugesund. 3300 tonn sild og makrell er fortsatt om bord i vraket, og både kommunen, hamnevesenet og SFT fryktar at lasta skal forureine området dersom ikkje vraket blir tømt eller fjerna.Ein slik operasjon vil koste mange millionar kroner. Nomadic Shipping i Bergen har heile tida hevda at deira ansvar er avgrensa til 13 millionar kroner. Oppryddingsaksjonen etter oljesølet og fjerninga av olje frå tankane har gjort eit kraftig innhogg i denne potten — truleg har rekninga allereie passert 13 millionar kroner. Dermed blir det lite eller ingen ting igjen til vrakfjerning. - Sjølova kjem først Og det er lite sannsynleg at domstolane vil krevje Nomadic Shipping for meir, meiner Erik Røsæg, professor ved Nordisk Institutt for Sjørett i Oslo. - Det er sjølova som gir grensa på 13 millionar kroner. Forureiningslova eller hamne- og farvasslova er underordna sjølova i ei slik sak, seier Røsæg. Haugesund kommune er av ei anna oppfatning.- Vi vil bruke forureiningslova og hamne- og farvasslova for å krevje vraket fjerna, seier hamnesjef Odd Einar Meland, som i går arbeidde med å få stemninga sendt reiarlaget.Uansett tyder det meste på at søksmålet vil få liten praktisk betydning. For kommunen kan i alle tilfelle ikkje sjølve leggje ut for fjerning av vraket, for så å krevje pengane tilbake frå Nomadic Shipping, ifølgje professor Røsæg.- Einaste opninga er å få ein dom som seier at reiarlaget sjølve må fjerne vraket, seier Røsæg. Ein slik dom kan ankast både til lagmannsrett og Høgsterett før han blir rettskraftig. Det tek fort eit par år. Då er fisken rotna og eventuell forureining for lengst eit faktum. Røsæg kjenner ikkje til at tilsvarande saker har vore prøvd for retten før, og meiner det prinsipielt er interessant å få ei rettsleg avklaring av reiaranes ansvar. - Handlar om økonomi Nomadic Shipping har i alle fall ingen planar om frivillig å bla opp meir enn 13 millionar kroner.- Vårt økonomiske ansvar er avgrensa til den summen. Det gjeld totalt - både for oljesøl og eventuell heving, seier Erik Thulin, administrerande direktør i Nomadic Shipping.- Kvifor kan de ikkje betale meir frivillig, i og med at det faktisk er dykkar båt og last som forureinar?- Nei, det klarer vi ikkje å løyse praktisk.- Praktisk?- Vi må halde oss til regelverket. Eg forstår spørsmålet ditt, men dette handlar om økonomi. Vi kan ikkje gå ut over det regelverket krev, seier reiarlagsdirektøren. Reknar på prisen Statens forureiningstilsyn (SFT) vil bruke dei neste dagane til å vurdere om fisken må fjernast straks. Dei rekna i går kveld fortsatt på totalprisen for aksjonen dei allereie har bak seg i Bleivik. Haugesund kommune brukte om lag 6,4 millionar kroner dei første åtte dagane, fjerninga av oljen frå tankane var prisa til ca. 2,5 millionar kroner. I tillegg kjem innsats frå tre kystvaktskip, eitt oljevernfarty, SFTs overvakingsfly, oljelenser og - opptakarar, levering av oljen til mottak og innsats frå eit 40-tals SFT-tilsette.

Sparte på norsk flagg