Eg har aldri vore særleg miljøbevisst i slike spørsmål som å samla inn papir og papp, osb. Eg har i grunnen hatt den meininga at det har vore mykje god brensel i Bergens Tidende, melkekartongar og ulike andre papirprodukt.

Men for ein del år tilbake blei det utplassert ein blå bosscontainer utanfor heimen der den slags skulle kastast. Ikkje berre det; det blei sett i gang ein konkurranse der det kvar månad blei trekt ut ein vinnar av kr 10.000,-.

Det einaste vilkåret var at namn og telefonnummer stod på melkekartongen, og det måtte vera 6 kartongar i kvar pakke. I ein periode stod det «laina» bortover kjøkkenbenken melkekartongar, juicekartonger osv, og vi synst vi var riktig flinke i familien der alle bidrog til at miljøet blei betre.

Så kjem overraskinga: Etter at BIR har brukt formidable ressursar på å læra oss å resirkulera papir, papp og melkekartongar skal vi no tvingast til å tru at papp ikkje lenger er papir.

Trur BIR at vi ute i bushen er fullstendige idiotar?

I vår familie er vi gått tilbake til gamle syndar allereie. Mjølkekartongane går direkte i restavfallet og BT og papp vert brent og det er overhovudet ikkje av interesse å bruke tid og krefter på å gå til sokalla returpunkt for å levera melkekartongar, papp og andre papirprodukt.

Eg er sur, og grunnen til det er sannsynlegvis at BIR i informasjonskampanjen sin totalt undervurderer sine kundar. I staden for å fortelja at papp ikkje er papir, trur eg BIR hadde tent på å fortelja kvifor melkekartongar ikkje kan brukast som «returpapir».

Talentlaust, spør du meg. Heia Oddekalv. Det er sjeldan eg er einig med Oddekalv, men i denne saka har han mi fulle støtte i kampen mot propagandaen frå BIR.

SVEIN FAGERBAKKE, BERGEN