I Noreg er ho også etter høve godt kjent. El Saadawi har vore i landet fleire gonger. Fleire av dei 34 bøkene ho har skreve, er komne på norsk. Den mest kjente av dei "Firdaws": "En kvinne på nullpunktet" som kom ut på ein av dei store bokklubbane midt på 80-tallet.

Tvangsskild No prøver høgtståande muslimar å knebla den 69 år gamle egyptiske forfattaren, Nawal el Saadawi. Måndag kan ho verta stilt for ein privat domstol i heimlandet. Dei klagar henne for å ha vanæra islam.

Vert domstolen styrt av ein fundamentalistisk dommar, kan ho verta tvangsskild frå ektemannen, Sherif Hetata. Dei har vore gift i 37 år. Det er ikkje fyrste gong dei egyptiske styresmaktene har prøvd å få den uredde forfattaren til å teia.

Bøkene hennar var forbudt i Egypt under Anwar Sadat. El Saadawi vart også i si tid pressa frå jobben som helseminister, fordi ho var ulydig mot politiske og islamske styresmakter.

Vanæra islam Denne gongen byrja saka med at Nawal el Saadawi ga eit intervju til eit egyptisk vekemagasin.

Fundamentalistane hevdar at ho har uttrykt seg negativt om det å dra på pilegrimsreise til Mekka. El Saadawi har teke til motmæle og hevdar at det ho har sagt har vorte forvrengt av magasinet.

Intervjuet er alt vorte brakt inn for muftien, den øverste islamske leiaren i Egypt. Han slo fast at el Saadawi hadde brote islamsk lov. Deretter vart det forlanga at det vart reist Hisba-sak mot henne.

Hisba-systemet er ein praksis som eksisterer innanfor Hanafi-skulen i islam. Det går ut på at muslimske menn kan reisa sivilstatussak og klaga nokon inn for ein domstol med påstand om at dei er fråfalne eller har vanæra islam. Prinsippet er at den som har vanæra islam ikkje kan vera gift med rett-truande. Hisba-systemet er integrert i egyptisk lovgivning.

Tok til motmæle Men heller ikkje denne gongen let el Saadawi seg knebla. Ho har teke til motmæle. I ei erklæring som ho nyleg sendte ut, seier ho at ho meiner at saka kjem til å skada det egyptiske samfunnet meir enn det vil skada henne.Ho slår fast at ho og ektemannen er innstilt på å kjempa ein kamp for rettane både til kvinner og menn.

— Vi er overtydde om at alle har rett til meining og tru. Vi vonar at dei som sit i rettssystemet ikkje vil tillata at ektemann og hustru skal tvangskiljast avdi ein tredjepart som ikkje har noko med privatlivet å gjera, er usamd med det som ein av dei har sagt eller meint, skriv ho.

Forfatteren slår også fast at uansett utfallet av denne saka, vil ekteparet halda fram livet saman. Dei vil også halda fram med å bu i Egypt.

— Ingen kan få oss til å handla annleis, skriv ho i erklæringa. Det er berre riksadvokaten som kan reisa Hisba-saker.

Smutthol Riksadvokaten har henlagt saka etter at el Saadawi erklæra at ho er lojal til islam.

Men sjølv kjenner el Saadawi seg likevel ikkje trygg For framleis er det høve for klagarane til å få saka opp i retten.

Også menneskerettsforkjemparar i Egypt fryktar at fundamentalistane vil nytta dei smutthol som fins for å ramma den aktive feministen og samfunnskritikaren.

Sjøl om vi europearar likar å sjå på Egypt som eit av dei mest sekulariserte samfunn i den islamske verda, har det dei siste åra vore fleire tilfelle av fundamentalistisk vald der.

Ikkje noko land i arabarverda får så mykje støtte frå USA som Egypt. Landet har også mange andre vener i den vestlege verda. Spørsmålet er kor lenge desse landa skal tillata at styresmaktene trugar og plagar innbyggjarar på grunn av meiningane deira.