Av Ivar Orvedal

Same år la han fram for kongen ei underskriftsliste som bad om allmenn røysterett. Når underskriftslister vert lagt fram i 2003 kallar Arbeidarpartiet sine arvtakarar dokumenta for søppel. Landbruksministeren ser på norsk jordbruk som ei leikegrind for ungane sine og gjer sitt beste for å gjeninnføre husmannssamfunnet. Populistiske ordførarar lovar at kaffi — verdas slaveprodukt nummer ein - skal bli enno billegare.

I 150 år har husmenn, tenestfolk og industriarbeidarar kjempa for fridom og respekt. 23. september 2003 vedtok Europaunionen ein dom som vil setje tilkjempa rettar ut av kraft. Kamuflert som «demokratisk union» og «europeisk fellesskap» flyttar våre tillitsvalde historia attende til føydalistisk tidsrekning. Historia har lært oss at ingen vert rik på ærleg arbeid. Bønder og arbeidarar har slite for å få råderett over den åkeren dei dyrkar og det arbeidet dei utfører. Etter EU-dommen tysdag vil dei no få tilbod om å selje rettane sin til høgstbydande. Deretter vil dei få stilling som tenar for den nye godseigaren som sjølv føretrekkjer å kose seg med børsnoteringane i Amerika, Tyskland og Japan.

Om få år er husmannsvesenet atter innført. Bu- og driveplikt er erstatta av tru- og kvileplikt. Hydrohallane står tomme og kaffibaronane delar ut vekepengar til dei som er tiltrudd ansvaret for å reinske ugras i rosebedet. Levevilkåra i dei «utviklingslanda» som neste decennium skal produsere aluminium og biff til BMW-standen greier vi knapt førestelle oss.