TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.noFørde— Desidert det høgaste talet separasjonar vi har registrert nokon gong, konstaterer konstituert kommunaldirektør Arne Røyrvik hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.I 1999 vart det til samanlikning gitt 162 separasjonsløyve. Dei siste fem åra har talet på ektepar som har fått separasjonsløyve variert mellom 148 og 171. Skilsmissetalet uendra Talet på innvilga skilsmisser er derimot uendra. 137 ektepar skilde seg i Sogn og Fjordane i fjor, nøyaktig like mange som i 1999.- Etter alle solemerke vil det rekordhøge talet på separasjonar i fjor gje seg utslag i rekordmange skilsmisser i 2001, seier Røyrvik.Tidlegare har talet på separasjonar og skilsmisser lege lågt i Sogn og Fjordane i forhold til resten av landet. Ikkje lenger trivselsfylket? - Vi har vel sett på andre statistikkar at Sogn og Fjordane nærmar seg landsgjennomsnittet på mange område. Det er jo fleire som har hevda at det ikkje lenger er full dekning for å karakterisere Sogn og Fjordane som eit trivselsfylke. Kanskje ser vi eit nytt døme på dette no? At også talet på ekteskap som går i oppløysing, er i ferd med å komme opp på same nivå som i resten av landet, trur Røyrvik.Men Røyrvik peikar også på ein annan faktor som kan ha innverknad.- Gjennom media har vi registrert at fleire har valt å gifte seg dei siste åra. Det er i alle fall nærliggande å tenkje at auke i talet på giftarmål, også får som konsekvens at fleire går frå kvarandre. Frå kommune til kommune er det store variasjonar. Dårleg med partnarskap Men om talet på ektefolk som skil lag aukar, viser ein annan statistikk som går på samlivsform utruleg stabilitet.Talet på inngåtte homofile partnarskap ligg på same nivå både i 1999 og 2000, nemleg 0.Heller ikkje i fylka Aust-Agder og Finnmark er det inngått partnarskap mellom homofile eller lesbiske dei to siste åra. På landsbasis sa derimot 165 homofile ja til kvarandre i fjor, fleire enn nokon gong før.