Av Hartvig Sætra, NKP

I tillegg er det eit liberalt parti på ytre høgre med seks og eit albansk parti med tre som er tilhengarar av Montenegro som sjølvstendig stat.

I og med at eit slikt vedtak krev to tredels fleirtal, er ein slik utgang av valet totalt blokkert. Dermed har i realiteten motstandarane av lausriving vunne ein stor siger.

Samtidig er også dette valet ei sterk oppmuntring til venstresida i sjølve Serbia. SNP er tidlegare støtteparti til SPS. Sjølv om ein del av SNP for tida er støtteparti for Kostunica i det føderale parlamentet, har dette partiet ei klart negativ innstilling til både privatiseringa i føderasjonen og ikkje minst til domstolen i Haag.

Det er derfor galt av Håkon Børde i NRK når han seier at «Milosevics folk fikk bare tre mandater, og er slått for bestandig i Montenegro». Aftenpostens reporter, og kommentatoren Ulf Andenæs, seier noko ganske anna: Både Milosevic og kona har framleis sterk innverknad i Montenegro, langt sterkare enn nokon hadde drømt om.

Kvar Børde tar dei tre mandatane frå, er umuleg å finne ut av dei valoversiktene. Har han tatt sjansen på ein bløff, og rekna med at ingen undersøker saka?

Valresultatet i Montenegro er desto meir gledeleg når vi veit at media er totalt einsretta, der som i sjølve Serbia under DOS-regimet. Opinionen veit likevel kva som skjer; dei veit at Djukanovics regime truleg er det mest korrupte i heile det post-kommunistiske Aust-Europa – og det vil ikkje

seie så lite!

Djukanovic har eit «privat» politi på 20.000 i følgje Aftenposten – altså meir enn ein politimann pr. 300 innbyggarar. Det er verdsrekord; ikkje ein gong slått av land som Burma og Saudi-Arabia.

Aftenposten melder også om mange folk som seier at dei har mista jobbane sine under Djukanovic fordi dei hadde stemt på SNP. Trass i dette presset frå makthavarane har altså folk stått med rak rygg under valet. Alt dette gjer at det er grunn til å feste lit til meldingar om valfusk frå styresmaktene. I realiteten kan SNP («Sosialistisk Folkeparti») ha vunne fleirtal ved valet.

I følgje oppgåver som Emperor's Clothes sit inne med, var det heller ikkje fleirtal for Kostunica ved første valomgang i Serbia. DOS hevda først at han fekk 56 prosent, deretter 53, og landa på mistenkelege 50,2 prosent til slutt.

Det er altså, trass i internasjonale observatørar, grunn til å sette eit spørsmålsteikn ved om Djukanovic verkeleg har oppnådd det knepne fleirtalet han hevdar å ha fått.

Uansett kva som er tilfellet, var valet i Montenegro ei påminning om at den vestlege innblandinga og manipuleringa i jugoslavisk politikk ikkje vekker den begeistringa som våre media ropar så høgt om. Vonbrotet hos NRKs og NTBs reporterar vitnar om at dei kan få seg fleire sjokk. Det nyttar ikkje å bløffe i lengda.