Therese Sandstadnes (10) og Kine Steensohn Risvold (11) var blant dei første i nabolaget som oppdaga brannen i 22-tida.Kine og Therese har vore med på å stella dei to kaldblodshestane som måtte lata livet i boksane sine, og kjenner godt dei to som eigde hestane. Dei var leie seg og hadde vondt i magen etter det som skjedde.Hestane stod på leigestall i den 30 år gamle, velstelte løa til Øistein Eskeland. Brannårsaka er framleis ukjent.