Av Eilev Instanes

for Hardangervegen AS

Etter gjeldande vedtak skal verdien av overskotet frå sal av konsesjonskraft tilbakeførast til det området der desse er genererte. Dei viktigaste bidragsytarane til konsesjonskraftoverskotet er kommunane Odda, Eidfjord og Jondal.

Sjølv om Folgefonntunnelen tidlegare har motteke mindre bidrag, er det prosjektet Hardangerbrua som over lang tid har nytt godt av desse midlane med ei overføring på 70 prosent av det totale overskotet kvart år. Dei resterande 30 prosent av midlane har vore tilført ulike andre, mindre prosjekt i distriktet, mellom anna i Odda.

Prosjekta dei resterande midlane har vore nytta til er no ferdige, og Hardangervegen AS har i mai i år søkt om at desse midlane (30 prosent) for framtida kunne tilførast prosjektet Jondalstunnelen, med andre ord ikkje den 70 prosentandelen som går til Hardangerbrua.

Sett i lys av at vår søknad er retta til Hordaland fylkeskommune, er vi forundra over fylkesordføraren sin uttalte redsel for at vårt prosjekt skal dra fordel av midlar avsett til Hardangerbrua.