Som tidlegare kreftsjuk og kronikar med smerter og helsesvikt er vilkåra mine for eit aktivt liv nokså innsnevra. Det å vera i live er likevel ein god ting. Å nyta haustfargane, taka vare på det ein enno meistrar og å vera saman med familie og vener er av stor verdi, sjølv med sterke smerter.

Altfor lite vert dei som kan koma i far e sona for å bli rydda av vegen, teke med på råd i slike avlivingsdebattar. Kampen for legal dødshjelp er ein farleg trend i eit grenseland der mange sterke motiv kan spela inn, økonomi m.a.. Kronikarar, psykisk sjuke og gamle er alle i dette grenselandet.

Dersom samfunnet vårt skal utvikla seg i ei lei der eldre, sjuke og kronisk funksjonshemma skal verta redde for at nokon skal definera liva deira som ikkje verdfulle nok, har me stige over ei grensa mot vanvørdnad for menneskeverdet. Eg oppmodar difor alle som les dette: Sei ja til livshjelparane og nei til dødsenglane!

BJØRG HOLM