Eigarselskapet Helse Vest fekk i år ei investeringsløyving på totalt 327 millionar kroner, som skal fordelast på samtlege lokale helseføretak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane..

Dette er berre halvparten av det sjukehus og institusjonar i regionen fekk før eigarskiftet i januar. Helse Vest er derfor blitt nøydd til å snu på kvar krone.

— Det har vore lite fridom til å ivareta løpande vedlikehald og investeringsbehov, eller gå inn i nye prosjekt, seier plansjef i Helse Vest, Hans Stenby.

I slutten av februar sende det regionale helseføretaket på veslandet brev til Helsedepartementet, og ba om ei ekstraløyving på 300 millionar kroner til nødvendige investeringstiltak. Svaret kjem i revidert nasjonalbudsjett i juni.

Stenby er nøktern optimist.

— 2002 er eit overgangsår. Eg reknar med at dette kjem til å endre seg - både i revidert budsjett og neste år. Det er ikkje mogleg å nytte så lite midlar til investeringar over tid.