TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noBåde linerle og andre trekkfuglar vart observert midt på vinteren. At ein del trekkfuglar overvintrar på kysten, er ikkje så uvanleg. Uvanleg er det derimot at då vinteren var på sitt kaldaste, vart linerla sett langt inne i fjordane i Sogn og Fjordane. Både frå Vik i Sogn, Nordfjordeid og Stryn er det gjennom vinterhalvåret gjort sikre linerleobservasjonar.Ved Styvi i Nærøyfjorden klatra ei ringdue i tornekratta og åt nyper i januarkulda. Andre trekkfuglar som stor— og småspove, rugde, enkeltbekkasin, vipe, grågås, vassrikse og vandrefalk er også observert gjennom heile vinteren. Johannes E. Anonby i Norsk Ornitologisk Forening i Sogn og Fjordane forklarar den uvanlege fuglevinteren med ein mild haust og eit godt bærår i fjor. - Vi har to typar trekkfuglar. Dei som dreg på dato, og dei som ser vêr og føre an. Dei mest langvegsfarande trekkfuglane, dei som dreg til Afrika, legg i vei på omtrent same dato uansett vêr. Dei som derimot "berre" skal sørover i Europa, ser det an. Ein haust med tidleg snøfall fører til tidleg avreise, mild haust gjev utsett avgang, seier Anonby.