TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noFørde

Saueeigarar i dei to fylka fekk i fjor utbetalt over ein million kroner i erstatning for dyr som rovdyr har teke på beite. I 1999 var same talet så vidt i overkant av 300.000 kroner.Sogn og Fjordane har klart størst rovdyrskader av dei to vestlandsfylka. Medan 148 sauer og lam vart erstatta i 1999, auka dette i fjor til 526. Samla erstatningsbeløp vart på 737.200 kroner.For Hordaland er tala langt mindre, men tendensen den same. Medan Hordalands-bøndene som driv med sau fekk erstatning for 69 vaksne dyr og lam i 1999, var tilsvarande tal i fjor 193. Auken i Sogn og Fjordane er svært spesiell fordi tapstala har lege stabilt stort sett på heile 90-talet. Dette kan underbyggje påstandane til mange saueeigarar om at jerven har slått seg til i deler av fylket.I Sogn og Fjordane får jerven "skulda" for å ha teke livet av 451 sauer og lam på beite sommarsesongen 2000. Kongeørna skal ha tatt 37 dyr, gaupa 31. Sauebøndene i Hordaland miste 176 dyr som følgje av jerv. På landsbasis vert bortimot 48 millionar kroner betalt ut i erstatningar i fjor. Dette er omtrent same nivå som året før. Bøndene i Hedmark og Oppland har fått klart største erstatningar.