Overgrepet skal ha funne stad i 1997. Dei tre mennene møtte kvinna på ein utestad i Sunnfjord, og vart med ho heim. Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til, er det ikkje snakk om valdtekt.

Det var foreldra til jenta som melde saka til politiet, fordi dei meinte mennene hadde misbrukt den tilbakeståande sunnfjordjenta. Dei tre sikta nektar all straffeskuld.

Rettsaka kjem opp for Sunnfjord Heradsrett i mai. Dersom mennene vert funne skuldige, risikerer dei fengsel i inntil fem år.