Dei tre vil ikkje vera eitt fylke frå starten, men Vestlandsrådet skal vera eit fyrste steg på noko som kan enda med samanslåing.

Hordaland fylkesting gjorde sitt vedtak om dette torsdag, og fylkestinga i de to andre fylka har gjort vedtak som går i same lei.

Det er vestlandsutgreiinga frå i vinter som har danna grunnlaget for vedtaka i dei tre fylkestinga. Alt frå starten formulerte Hordaland klare mål om ei framtidig samanslåing til eitt storfylke.

Dei to andre fylka, mest Sogn og Fjordane, er meir atterhaldne, og vedtaket i fylkestinget i går er avdempa i høve til målet om samanslåing.

I fylkesrådmannen si innstilling er det snakk om å arbeida for eit «Vestlandsting valt i direkte val». I fylkestingsvedtaket vert det understreka at ordninga med Vestlandsråd skal evaluerast ved utgangen av 2005. Ei mogleg utdjuping av samarbeidet kjem ein attende til etterpå.

Ei styringsgruppe med m.a. fylkesordførarane og fylkesvaraordførarane skal no arbeida ut framlegg til vegen vidare. Fylkesordførar Gisle Handeland seier til Bergens Tidende at det står att å finna ut korleis Vestlandsrådet skal samansetjast. Vidare må det klårgjerast kva slag oppgåver Vestlandsrådet skal arbeida med, og kva slag fullmakter Vestlandsrådet skal ha.

I fylkestingsvedtaket heiter det at Vestlandsrådet m.a. skal fremja regionen sine interesser overfor statlege styresmakter, og arbeida for å kunna overta statlege oppgåver. Endeleg forslag om organisering, mandat og makt for Vestlandsrådet skal leggjast fram og handsamast på desembertinget.