Bleik og matt ligg 14-åringen strak ut på Ortopedisk avdeling. Sidan søndag ettermiddag har ho venta på å bli trilla inn på operasjonsstova. Heile tida har ho fått beskjed om at det kan skje når som helst.

Før slike operasjonar må pasienten fasta, og derfor har Benedicte knapt ete eller drukke sidan ho vart lagt inn. Då BT møtte henne i 13-tida i går, hadde ho ikkje smakt vått eller tørt på 36 timar. Men så langt har ho venta og fasta forgjeves.

— På søndag var eg veldig svolten, men måndag var eg blitt vant til det. Det går bra dersom eg ikkje tenkjer for mykje på mat, kjem det matt frå senga.

- Nokon burde sagt «sorry»!

Laurdag kveld sklei ho på glattisen, og neste morgon bar det avstad til Legevakten med ein vond ankel. Der vart det konstatert brot, og ferda endte på Haukeland sykehus, der Benedicte har venta på operasjon sidan.

Ho får smertestillande, så svolten har vore meir påtrengande enn smertene. I går hadde ho berre ete eit måltid sidan søndag. Mor Nina er fortvilt.

— Det er tydelegvis mange brotskader for tida, og det går an å akseptera at det tek tid. Men heile tida må dottera mi fasta, som om operasjonen kunne skje med ein gong. Når heile dagen går med utan at noko skjer, burde nokon kunne seia: «Sorry, Benedicte, det vart ikkje din tur i dag, så et og kos deg!»

Mormors fyrstekake

Nina Bolstad understrekar at Benedicte får godt stell på sjukehuset.

— Men dei som jobbar her veit like lite som oss om når det kan bli operasjon. Det einaste svaret dei kan gje oss er at dei ikkje veit, seier mor Nina, og må nesten smila litt av alt saman.

Og i senga ved sidan av ligg dottera og drøymer om alt ho skal eta, når ho ein gong blir operert og utskriven herifrå.

Fyrstekake, for eksempel. Mormor har ei halv ei i frysen.

Seint i går kveld kunne mor Nina opplyse at 14-åringen hadde fått i seg litt mat, men at dei framleis venta på operasjon.

MENS VI VENTAR: Benedicte Bolstad (14) har venta forgjeves sidan søndag for å få operert den vonde ankelen. No er det 36 timar sidan ho fekk mat sist, men sjukepleiar Jørgen Langeland sørger iallfall for intravenøs væske i ventetida.
FOTO: EIRIK BREKKE