LARS MÆLAND (tekst og foto) Stord

– Det har vore travelt, men det er berre kjekt. Og dei aller fleste skryt av nyevegen, seier Ingjerd Lorentsen i bomstasjonen på Føyno.

– 75 kroner, seier du. Sist me kjørte her kosta det 45, så neste gong må me vel ut med 100 kroner, kjem det frå ei blid sørlandsstemme når Ingjerd Lorentsen krev inn betaling frå ein av dei mange bilistane som passerer bomstasjonen på Føyno laurdag, ein månad etter opninga..

Og det går an å bli forvirra av prisen. Heilt til fredag fekk alle 40 prosent rabatt, no gjeld det berre dei med abonnement.

1800 i døgret Kring 1800 kjøretøy har i snitt passert bomstasjonen dagleg sidan stamvegdelen av Trekantsambandet opna for trafikk halvtimen før midnatt tredje juledag.

– Det er fleire enn venta, og eit resultat me er godt nøgde med, seier Øyvind Halleraker, dagleg leiar i Sunnhordland bru— og tunnelselskap.

Nesten heile første månaden har bilistane kjørt på billegsal gjennom Bømlafjordtunnelen og over Stordabrua. Kluss med teknikken har gjort at dei nye AutoPass-brikkene først kunne takast i bruk no fredag.

Fleire enn venta – Kor mykje me har tapt på at alle har kjørt med rabatt er vanskeleg å seia, men det viktigaste for oss i selskapet har vore å få nøgde brukarar av veganlegget. Og kanskje det at alle har fått 40 prosent rabatt har bidratt til at så mange har nytta sambandet. I januar i fjor frakta ferjene som no er avløyste i snitt 1100 bilar i døgret, så auken med fastsambandet har vore godt over den venta eingangsauken på 30 prosent, seier Halleraker.

30. april opnar heile Trekantsambandet, og det er venta ein større eingangsauke når også Bømlo kjem med.

Stor lokaltrafikk – All erfaring viser at den største eingangsauken kjem der det er stor lokaltrafikk, slik det er mellom Bømlo og Stord og mellom Bømlo og Haugesund. Så tala så langt gir grunn til optimisme, seier Halleraker.

Nær 3000 har kjøpt passeringsbrikker til no, eit tal som er venta å stiga til om lag 20.000 når heile sambandet opnar.

– Eg hadde trudd det skulle bli rolegare her fredag når folk kunne ta i bruk brikkene og sleppa turen innom oss i bombuene med betaling, men det var like travelt som vanleg, seier Ingjerd Lorentsen i ein kort pause før ho hankar inn pengar frå nok ein bilist.

1814 millionar kroner kostar heile Trekantsambandet, dei kjørande skal betala over ein milliard i bompengar før anlegget etter planen er nedbetalt om 15 år.

– Heldigvis er det litt rolegare innimellom. Då er det godt å ha eit blad å lesa i, og det blir tid til ein prat med kolleger, seier Lorentsen.

Fredag kunne ein for første gang ta i bruk Auto Pass-brukkene gjennom bomstasjonen på Føyno, medan dei utan brikker må innom dei betjente bombuene.
TO FELT: Fredag kunne ein for første gang ta i bruk AutoPass-brikkene gjennom bomstasjonen på Føyno, medan dei utan brikker må innom dei betjente bombuene.