Samstundes som høgrekreftene drøftar å opna opp for ufaglært arbeidsinnvandring — samstundes gjev UDI avslag på arbeid og opphaldsløyve til asylsøkjarar som har fast arbeid, snakkar norsk og er integrert i det norske samfunnet!

Slike saker er ikkje ukjent, fleire døme høyrer ein om rundt om i landet, blant anna på Tysnes der også ein irakar med fast arbeid har fått avslag på opphalds- og arbeidsløyve. Ei anna sak er kva kurdarane går til om dei vert sendt ut av landet. Dette er det også delte meiningar om.

Saka til Kosar er unik av di leiinga ved bedrifta har fatta vedtak om å «trassa» UDI. Dette gjer dei ved å la Kosar fortsetja arbeidet ved bedrifta sjølv om dei veit dette er brot på lova.

Ei flott og menneskeleg avgjerd som det står respekt av.

ÅSE VAKSINEN SÆLENSMINDE