Biskop Ole D. Hagesæther fekk ei oppleving han aldri vil gløyme då han feira 60 årsdagen sin saman med 150 innbedne gjester i går.

Heilt overraskande dukka nemleg seksåringen frå Viksdalen i Gaular opp mellom øvrigheit, prestar og andre gjestar for å utfordre biskopen til duettsong – akkurat slik han gjorde det då Hagesæther var på visitas i heimbygda i vår.

Bjørgvinbispen skulle den gongen møte barn i Viksdalen kyrkje. Men han kunne ikkje barnesongen «På min kyrkjeveg», som smårollingane hadde øvd lenge og vel på. Men då vart vesle Torgeir Timenes Bell redninga for biskopen. Han slo bokstaveleg talt an tonen og tok songen som ein improvisert duett saman med biskopen til stor jubel i kyrkja.

Seinare på visitasen gjesta bispefylgjet geitefarmen heime hos Torgeir i Viksdalen. Då ynskte han å møte Torgeir att. Men guten var dregen i bursdagsselskap til ein kamerat.

— Då får Torgeir heller komme i min bursdag då, ramla det ut av Hagesæther.

I går tok vesle Torgeir bispen på ordet. Han ville nemleg syngje meir saman med bispen. Seksåringen hadde øvd ein heil dag då han stilte overraskande opp på festen med songteksten i den eine handa, gåve i den andre og utfordra biskopen til duett på ny.

Sjølvsagt sjarmerte Torgeir både biskop og prominente gjestar i senk. Og applausen var ikkje mindre då biskopen pakka opp gåva frå Torgeir. Der var det to geiteskinn – det eine frå kjeet som biskopen fekk i gåve då han gjesta garden i Viksdalen. Kjeet var så vilt at det måtte slaktast, fortel Torgeir.

Vil bli barnebiskop

— Dette skal eg aldri gløyme, seier Hagesæther. – Torgeir henta fram eit av dei aller beste minna eg har fått her i Bjørgvin. Dessutan sette han namn på noko av det eg har vore oppteken av i samband med 60 års dagen min – nemleg eit ynskje om å bruke år 2003 til spesielt å være biskop for borna, sa Hagesæther til Bergens Tidende etterpå. Torgeir er ikkje smålåten han heller når BT spør om kva han tykkjer om biskopen.

Sprudlande kar

— Jo, han er ein sprudlande kar. Det er liv i han heile tida. Biskopen er i alle fall ikkje som ein Sanktbernhardshund. For dei ser så triste ut, fortel Torgeir.

Ellers var biskopen hylla frå både øvrigheit, prestar og lekfolk. Han var omtala som både myndig og mild, medan syngjande ungdom frå Meland fortalte at dei berre kallar Hagesæther for den kule biskopen. Og frå Birkeland kyrkje vanka det skikkelig rapping med følgjande refreng:.

— Jeg vet en deileg hage - å jeg vet en sæter. Hva blir det? Jo, Hagesæther, Hagesæther.

Og jubilanten sjølv vart både rørt og sjarmert. Som den gode forkynnaren han er, sende han like godt gjestane heim med helsinga: – Det er betre å ha Jesus i hjartet enn biskopen i ryggen.

SJARMERTE BISKOPEN: Seks år gamle Torgeir Timenes Bell sjarmerte biskop Ole D. Hagesæther i senk då han utfordra 60 årsjubilanten til duettsong.
FOTO: JAN M: LILLEBØ