PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Han trudde det ikkje før han såg det, den 54-årige læraren frå Vik i Sogn. Det som skulle vere ein heilt ordinær familiemiddag, utvikla seg til noko heilt anna.

— 30 centimeter lengre til høgre, og eg hadde ikkje stått her og prata med deg no, seier Holstad til Bergens Tidende.

Stor fart på ismark Den 30 meter lange tømmerstokken fortel i grunnen heile historien, der den ligg som eit gedigent spyd tvers gjennom familien Holstads våningshus.

Det var tysdag ettermiddag at stokken glapp ut av kjettingen for ein uheldig skogsarbeidar på hogst i skogen om lag 150 meter opp skråningen bak huset. På utruleg vis har den ferdigkvista, glatte furustokken unngått alle hindringar av stein og skog på sin veg mot huset med den spisse enden først. På den knallharde, frosne marka har den fått ein enorm fart.

Her er tømmerstokkens fantastiske ferd: Gjennom skogen, mellom fleire store steinar, over ei elv, tvers gjennom eit nettinggjerde, over eit jorde, med kirurgisk presisjon gjennom ytterveggen, pang i baksida av komfyren i kjøkkenet på andre sida, inn under oppvaskbenken, på skrå gjennom veggen bak kjøkkenbenken, inn i og gjennom eit heimekontor - og endeleg gjennom motståande yttervegg, halvannan meter ut i friluft.

Alt skjedde på eit sekund.

Komfyren hoppa fram Asbjørn Holstad var i gang med å varme familiemiddagen på komfyren då det small. Han stod framfor komfyren med steikepanna i handa.

— Eg høyrde smellet, og trudde det var sjølve komfyren som eksploderte, den hoppa mot meg ut frå veggen, fortel han.

Sonen Herbjørn (13) stod like ved sida av faren, vend mot kjøkkenbenken og vindauget. Her fekk han eit glimt av kva som kom, men rakk ikkje å reagere før det small.

— Han gjorde det einaste rette, forsvann ut av huset på eit blunk, seier faren.

Ei yngre søster kom sjokka ut frå ei tilstøtande stove i huset, medan mor kom heim med bil få minuttar seinare. Først såg ho stokken som spidda huset, deretter at alle stod ute på tunet. Uskadde.

Reint uhell Den uheldige skogsarbeidaren oppdaga at stokken kom på glid, men såg ikkje kor den enda opp.

— Han vart taus og bleik då han kom ned til oss og oppdaga kva som hadde skjedd, seier Holstad. - Dette er eit reint uhell, sjølv om det er heilt fantastisk.

Ifølgje Sogn Avis er dette ei rein forsikringssak, og eit problemfritt oppgjer ventar familien. Takstmannen har vore her, og bad om eit ekstra sett foto. Til si eiga minnebok. Stokken har hatt slik fart at den har knust minimalt av huset, berre skore seg eit skarpt avgrensa lite hol i ytterveggen. Røyr og elektriske installasjonar er praktisk talt uskadd. Likevel er kjøkkeninnreiinga slått ut av stilling og knust, og også ytterveggane treng ein større reperasjon.

— Vi kan jo berre la stokken vere og presse litt silikon rundt, så blir det tett, spøkjer 54-åringen.

Men inst inne veit han at berre tilfellet gjorde at ingen vart trefft.

TVERS IGJENNOM: Tømmerstokken spidda heile huset, frå den eine ytterveggen til den andre. (FOTO: ODDLEIV APNESETH)