TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no FørdeFormuleringane i nasjonal transportplan om å "premiere" kommunesamanslåingar med nye veganlegg, har skapt klare forventningar om ny vegbygging fleire stader. Problemet er berre at Stortinget altfor lenge sidan har bestemt at kommunar som slår seg saman, skal få behalde inntektene uansett.På sentralt hald i Kommunaldepartementet får Bergens Tidende stadfesta at denne regelen framleis gjeld. Kommunar som slår seg saman, skal ikkje få redusert overføringane frå staten dei første ti åra. Gulrota fleirtalet i samferdslekomiteen har lagt ut for kommunane, er oppeten på førehand. Dalsfjord-sambandet — Merknaden frå fleirtalet i samferdslekomiteen er stikk i strid med tidlegare vedtak i Stortinget, fastslår medlem av samferdslekomiteen, Jorunn Ringstad (Sp).Mellom vegprosjekta fleirtalet i komiteen (Ap, Frp og H) meiner er aktuelle som "premie" for kommunesamanslåing, er Dalsfjordsambandet i Sunnfjord. Veganlegget som inkluderer bru over Dalsfjorden, vart påbegynt på 70-talet. Men etter kort tid vart arbeidet stoppa. Vegen, ofte omtala som "Dalsfjord-skandalen", stoppar i ingenmannsland midt i ein fjellvegg. I ein merknad til nasjonal transportplan, som Stortinget vedtok torsdag, vil representantane frå Ap, Frp og H ha ei vurdering av om innsparingar ved samanslåing av Askvoll, Fjaler og Hyllestad kan inngå i finansieringa av Dalsfjord-sambandet. Meiningslaust - Om det er slik at det frå før er bestemt at kommunane skal behalde same nivå på overføringane, så innser eg at det kanskje ikkje er heilt samsvar med det som står i fleirtalsmerknaden om transportplanen, vedgår Ola Røtvei, Ap-medlem i komiteen. - Er det ikkje fullstendig meiningslaust? - Poenget er at fleirtalet i komiteen meiner midlar for å utløyse eit slikt veganlegg som Dalsfjord-sambandet må komme som eit tillegg. Men det føreset at fylket prioriterer anlegget, seier Røtvei. Ap-talsmannen avviser at det er snakk om eit nytt prinsipp som stortingsfleirtalet no ønskjer å gjennomføre. Men han utelukkar ikkje at også andre kommunar kan komme i same posisjon som Askvoll, Fjaler og Hyllestad.Jorunn Ringstad er sterkt kritisk til fleirtalstilrådinga. - Det undrar meg at dei tre partia kan gjere dette. Så vidt eg kjenner til er det første gong at det frå Stortinget si side er gjort slike koplingar, seier Sp-politikaren.