LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noSkåneviksfjorden

— Det meste bør vera gjort i løpet av ein månads tid, men det er vanskeleg å seia nøyaktig kor lenge det vil gå å tøma fiskelasta frå forskipet av «Green Ålesund». Dette er ein jobb ingen har gjort før, men eg har god tru på at det går rimeleg raskt når me først får taket på det heile, seier adm.dir. Georg Eide i Eide Marine Services.

Eide har hyrt inn mannskap frå den no nedlagde Norway Foods-fabrikken i Skånevik til å ta ryddejobben.

— Me går laus på det heile med godt mot, og dette er ein jobb som berre må gjerast. Enno er mykje av fiskelasta såpass intakt at eg har tru på at dette skal gå rimeleg greitt, seier Sigve Milje, ein av nær 20 frå den tidlegare sardinfabrikken som laurdag starta arbeidet med å tøma «Green Ålesund» for fisk.

Fisken blir malt sund, og skal seinare fraktast til eit havområde vest av Ålesund der lasta skal dumpast på djupt vatn. Minst 1000 meters havdjupne er det på dumpingsplassen som er godkjent av Statens forurensningstilsyn, SFT.

LUKTAR ILLE: Fiskelasta om bord i vraket av «Green Ålesund» luktar ille, og laurdag starta tøminga av skipet, der adm.dir. Georg Eide i Eide Marine Services tar eit tak. (FOTO: LARS MÆLAND)