• Dødfødslar er noko av det verste ei jordmor kan oppleve, seier overjordmor Gunn Gabrielsen på Kvinneklinikken i Bergen.

Ho er sjef for over 200 jordmødrer og barnepleiarar på Kvinneklinikken i Bergen. Dei mange dødfødslane det siste året har naturleg nok prega arbeidsmiljøet på fødeavdelinga.

— Det er aller verst for den som opplever ein dødfødsel sjølv. Å glede seg til barnet kjem, og så oppleve at barnet dør før det blir født, er ei stor sorg, seier overjordmor Gabrielsen til BT.

— Det er også ei sorg for jordmødrene og barnepleiarane. Men å ta vare på foreldra og stelle det døde barnet er også ein del av jobben på ein fødeavdeling. Kontrastane blir store når jordmora nettopp har tatt imot eit friskt barn. Det å ta del i ein dødfødsel rører ved kjenslene på ein annan måte.

KK-jordmødre som ønskjer det, får tilbod om rettleiing og samtalar etter dødfødslar, anten med avdelingsjordmor, psykolog eller andre. KK tilbyr også kurs for jordmødrene.

Det kan vere spesielt tøft for dei som opplever fleire dødfødslar på jobb.

— Derfor er det svært viktig at vi tek vare på kvarandre, og at vi snakkar om det som har skjedd på vaktrommet, slik at ingen får kjensla av å vere aleine.

OVERJORDMOR: Gunn Gabrielsen er sjef for over 200 jordmødrer og barnepleiarar på Kvinneklinikken i Bergen. FOTO: HELGE HANSEN