Vinnaren frå Førde var i fjøsen då sambuaren kom springande inn med meldinga om at dei hadde vunne 7 rette i Lotto.

— Vi har ikkje komme så langt at vi har tenkt på kva vi skal bruka pengane til, har mannen uttalt til Norsk Tipping, melder avisa Firda i dag. Kupongen var kjøpt hos REMA 1000 på Førde Torg.

Den andre vinnaren frå Sogn og Fjordane var ein 29 år gammal mann frå Årdal.

Heller ikkje han har bestemt seg for kva han skal bruke pengane til.

— Vi heldt på å gå gjennom taket, fortalde den glade vinnaren då Norsk Tipping tok kontakt med han. Då hadde han allereie sjekka lotto-tala på tekst-TV, og visste at kupongen han hadde kjøpt på Narvesen-kiosken i Øvre Årdal gav ein vinst på nesten ein og ein halv million, skriv Firda.