— Det er direkte flautt om Tusenårsstaden her i Øystese ikkje står klar til hundreårsjubileet for unionsoppløysinga sommaren 2005, seier Kjell Reidar Huus til Bergens Tidende.

Han viser til at grunnspørsmålet ennå ikkje er avklara. Pensjonatet kloss ved riksvegen må fjernast, og innløysinga kan krevje oreigning. Spaden må i jorda til våren skal ein rekkje jubileet.

— Hadde dette vore i kommunesenteret Norheimsund, ville kommuneadministrasjonen for lengst ha ordna opp, påstår Huus.

Nasjonalromantikk

Øystese vann tevlinga om Tusenårsstad for Hordaland då Regjeringa bestemte seg for å markere tusenårsskiftet med ein sjekk på ti millionar kroner til kvart av dei 19 fylka her i landet. Vilkåret er at fylket legg til minst like mykje og skipar eit monumentalt kulturtiltak. Kvam melde på to framlegg. Eitt med utgangspunkt i Fartyvernsenteret i Norheimsund fall tidleg ut av tevlinga, medan nasjonalromantikk kring Ingebrigt Vik-museet i Øystese nådde heilt fram i kvass tevling med Hardanger Folkemuseum på Utne. Nybygget skal mellom anna innehalde konsertsal.

Uavhengig av dette har det i Norheimsund vore arbeidd med planar om eit nybygg til kino, bibliotek og ei rekkje andre kulturelle tiltak. Med status som regionsenter for Norheimsund er det store tilskot å henta frå spelemidla. Slik planane ligg i dag, kjem prislappen på over 60 millionar kroner, og minst 40 millionar må Kvam herad finansiere sjølv. Kommunen må òg stå for den framtidige drifta. Siktemålet er opning i 2008. Då er det jubileumstid for hardangerkunstnarane Geirr Tveit (tonar) og Olav H. Hauge (lyrikk).

Blanda korta

— Det blir feil å framstilla dette som to konkurrerande prosjekt. Tusenårsstaden i Øystese er eit nasjonalt minnesmerke over nasjonalromantikken, medan kulturhuset i Norheimsund er kommunalt og kan ikkje reisast før det er finansiert, seier den nyvalde Kvam-ordføraren Astrid Selsvold til Bergens Tidende.

Men Arild Berge frå Øystese, som ved valet var partifelle av Selsvold og varaordførarkandidat, meiner det tydelegvis har oppstått eit konkurransetilhøve.

— Elles hadde ting falle mykje raskare på plass i Øystese, seier han til Bergens Tidende. Han er no uavhengig medlem av Kvam heradsstyre.

Kombinasjon

Både Huus og Berge meiner at Kvam burde ha nytta denne eineståande sjansen til å kombinere det nasjonale kulturhuset i Øystese med kommunen sine behov.

Men kino og bibliotek sju kilometer frå kommunesenteret i Grova (Norheimsund sentrum) lyder ikkje som god musikk i Norheimsund.