PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bt.no

Til alt hell kom dei involverte berre lettare til skade i den eine kollisjonen, medan ingen vart fysisk skadde i den mest brutale smellen som var mellom to tunge køyrety.

Men ingen av dei involverte får problem med å stille vitner til det som skjedde. Politiet var nemleg på plass allereie før det small.

Dagens sjokk Det starta ved 07-tida fredag morgon, då politiet og folk frå Statens vegvesen hadde køyretykontroll på E39 ved Langeland, nokre kilometer frå Førde sentrum.

Etter at ein semitrailer frå Tollpost Globe var ferdig på kontrollen, såg han ikkje det 50 tonn tunge vogntoget som kom langs europavegen lasta med stålinstallasjonar til oljeindustrien.

Idet Tollpostbilen la seg ut i vegen, brasa det svære vogntoget inn i høgre side på førarhuset.

Politifolka på kontrollen fekk dagens støkk.

— Eit enormt smell, og glas- og karosseribitar hagla utover, fortel 1. betjent Dag Øyen, som var på kontrollposten. Men all honnør til sjåføren som kom i vogntoget, som la seg så langt ut til høgre som det gjekk an, og som greidde å halde kontrollen på den tunge bilen.

TIL SJUKEHUS. Ei kvinne i 30-åra vart sendt til sjukehus med nakkeskader etter kollisjon nummer to. Påkøyrd bakfrå Ein dryg time seinare var det duka for kollisjon nummer to, på E39 berre eit par kilometer unna. Ein Saab personbil på veg i retning Førde bremsa ned for å svinge til venstre ut på ei busslomme, men måtte vente på møtande trafikk. Føraren av bilen bak såg ikkje at Saab-en hadde stansa, og køyrde inn i den bakfrå.

Ei kvinne i 30-åra vart sendt til sjukehus med nakkeskader.

— Også også føraren av bilen bak måtte til legesjekk med ryggsmerter, opplyser lensmannsbetjent Odd Helge Vågseth, som kom forbi og vart augevitne til kollisjonen.

DAGENS SJOKK. Politiet hadde nettopp sjekka denne Tollpost-bilen i ein kontroll. Då den svinga ut på hovudvegen, vart den påkøyrd i sida av eit 50 tonns vongtog bakfrå. FOTO: PER MARIFJÆREN