OVE A. OLDERKJÆRStord

Det er heller ikkje gjennombrot i den mulige valdtekta av ei 53 år gammal kvinne på Litlabø på Stord natt til 18. mars i år. Hystad-saka blir no formelt lagt bort, men etterforskninga vil halda fram, opplyser lensmannsførstebetjent Johan Inge Særsten ved Stord lensmannskontor.

Den 18-årige jenta blei etter valdtekta forlaten medvitslaus i ein hage på Hystad utanfor Leirvik natt til sundag 25. april 1999. Offeret har skildra gjerningsmannen som ein 20-30 år gammal person vel 180 cm høg som skal ha følgt etter jenta eit stykke før ugjerninga.

Stord lensmannskontor har i dag ikkje konkrete namn å undersøkja nærmare etter at ein engelsk sjømann i vinter blei sjekka ut av saka på grunnlag av DNA-prøvar. Mannen var mannskap på eit lasteskip som lag ved Aker Stord den aktuelle natta 25. april for to år sidan.

Det er i det siste heller ikkje kome inn nye tips i saka. Stord lensmannskontor har etterforska saka kontinuerleg, og har undervegs hatt assistanse frå Hordaland politidistrikt, Kripos og Interpol.