ARNE HOFSETH

Gjennombrotet kom av at ansvarsmedvitne menneske i lokalmiljøet fann ut at nok fekk vera nok, og gav politiet vitale opplysningar.

— Vi kunne banka på døra til ein av dei mistenkte, og fekk ganske raskt ei tilståing i avhøyr, opplyser politiførstebetjent Terje Haugland ved Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Haugland, som også er miljøkoordinator i politidistriktet, går ut frå at lensmannen i Vaksdal vil syta for avhøyr av dei to andre sikta. Dei tre kan venta seg klekkelege bøter. Så nær som Vossolaksen er utrydding, er dette alvorlegare miljøkriminalitet enn daglegdags tjuvfiske. Fylkesmannen har i krasse ordelag fordømt illgjerninga.

Politiet er ganske sikre på at dei tre som no er tekne, ikkje har vore dei einaste tjuvfiskarane i den tronge straumen inn mot Bolstadfjorden. Difor vil nattlege patruljar halda fram.

Først fann politiet eit par garn, utan eigarmenn å knyta dei til. Så kom dei over tre personar med mistenkeleg framferd, men ingen garn, trass timevis med dregging.

— Vi leita både oppe ved Straume bru, og på begge sider av Gulløya, men fann ingenting, fortel Haugland.

Han har no fått greie på at garnet dei siste nettene har stått på langs av straumen, i ly av (vestover frå) Gulløya, som deler straumen i to. Ekspertane seier at eit seks meter høgt garn kan vera effektivt sjølv om det ikkje står på tvers av straumen. Nedom Gulløya er det ikkje uvanleg at laksen kryssar over, og dermed går rett i garnet.

Dette lokalsamfunnet har i stor grad levd av laksen i tidlegare tider. Brått er det ikkje lenger ein «akseptert idrett» å lura oppsynet.

TJUVFISKE: Tre unge menn er sikta for tjuvfiske på den utryddingstruga Vossolaksen i Bolstadstraumen. Garna har siste nettene stått på langs av straumen i ly av den trekledde Gulløya (i framgrunnen), medan politiet leita med dregg på begge sider av øya etter garn på tvers av straumen. I bakgrunnen kan bogen på Staume bru skimtast.