Berre i løpet av dei første fire månadane i år har trygdemisbrukteamet i Hordaland fått inn 28 saker til strafferettsleg vurdering. Det er to fleire enn fylkestrygdekontoret behandla i heile 2001.

— Vi får stadig fleire saker, og det er ein aukande tendens til at trygdemisbruk blir avdekka, fortel leiar for trygdemisbrukteamet for Hordaland og Sogn og Fjordane, Anita Giæver Hansen, til BT.

— Dei siste to åra har det vore meir fokus på misbruk, og derfor blir det også oppdaga meir. Men omfanget er det vanskeleg å seie noko om.

Saman med Akershus og Oslo ligg Hordaland på topp når det gjeld omfanget av slike saker. I den motsette enden finn vi Sogn og Fjordane. Der vart berre éi sak strafferettsleg vurdert i løpet av første tertial i år, men ingenting straffbart er oppdaga.

Anonyme tips

Tips om trygdefusk kjem som regel frå naboar eller kjenningar, og ofte anonymt. Som regel gjeld sakene einslege forsørgjarar eller svart arbeid.

— For eksempel at ei kvinne med status som einsleg forsørgjar likevel har sambuar. Eller at naboen jobbar svart, sjølv om han er uføretrygda, forklarar Giæver Hansen.

— Alle tips blir sjekka, men vi prøver også å finne ut kva motiv tipsarane har. Vi har opplevd at det kan dreie seg om rein sjikane.

I løpet av dei fire første månadane i år har trygdemisbrukteamet sendt tre saker vidare til politiet. To gjeld einslege forsørgjarar, ei gjeld fusk med sjukepengar. I tre tilfelle, der det er snakk om små beløp, er det gjeve åtvaring.

Intensivert kamp mot fusk

På landsbasis er vel 200 slike straffesaker motteke til vurdering dei første fire månadane i år, og totalt 85 melde til politiet. Til saman dreier dette seg om trygdesvindel for nær 9,5 millionar kroner. Gjennomsnittsbeløpet per sak er vel 110.000 kroner.

— Men dersom trygdemisbruket har pågått i årevis, kan kravet frå oss kome opp i ein million kroner, seier Giæver Hansen.

I fjor vart i alt ni saker i Hordaland sende vidare til politiet, men ingen er komne opp til doms enno.

Fylkestrygdekontoret i Hordaland har arbeidd med straffesaker i fleire år, men kampen vart intensivert i fjor haust. Då vart sju trygdemisbrukteam oppretta over heile landet, etter at omfattande svindel vart rulla opp i Oslo, med sju legar involverte. Slike team bistår lokale trygdekontor med spisskompetanse og undersøkingar ved mistanke om trygdesvindel.

- Kan fange opp endå fleire

— Dersom ikkje vi tar fatt i misbruket og jobbar systematisk for å avdekkje dette, blir tilliten til folketrygda redusert, seier fylkestrygdedirektør Anneliise Korttila Flosand til BT.

— Er dette berre toppen av isfjellet?

— Vi ser at talet på saker har auka, og at stadig fleire blir strafferettsleg vurderte. Med det fokuset vi har i dag, trur eg at vi skal klare å fange opp endå fleire.

— Er det for lett å bli trygdemisbrukar?

— På visse område kan det sjå slik ut. Men forholdet mellom trygdekontor og brukar er basert på tillit, og vi må stole på den informasjonen vi får. Når folk ser at vi tek tipsa alvorleg, verkar dette preventivt på misbruk, trur Krottila Flosand.