— Fleire personar innanfor fiskerinæringa kontakta oss. Dei mange tipsa vi fekk, gjorde at vi rett før jul føretok eit såkalla kontrollettersyn i verksemda. Dette ettersynet førte til mistanke om at tipsa vi hadde fått, var rette, fortel fylkesskattesjef Øystein Alme i Sogn og Fjordane.

Etter det Bergens Tidende forstår skal fleire av tipsarane ha reagert på at eksportbedrifta i Måløy på denne måten rett og slett skaffa seg konkurransefordelar. Personane skal ha hevda at bedrifta har brukt pengane dei fekk til disposisjon på denne måten, til å konkurrere ut andre.

Mykje å kontrollere Etter at Fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane gjennom ettersynet hadde fått stadfesta mistanken mot eksportverksemda i Måløy, tok dei kontakt med Økokrim. Fylkesskattesjefen gjekk til Økokrim fordi dei meinte at ettersynet hadde avdekka mistanke om svært grov økonomisk svindel.

– Etter at vi orienterte Økokrim og la fram det vi hadde funne i samband med kontrollen, tok dei over saka, fortel Alme.

– Korleis føregår eit slikt kontrollsettersyn?

– Det er sjølvsagt mange ting vi går gjennom. I samband med bokettersyn går vi t.d. gjennom ulike bilag. I dette tilfellet var det gjennomgangen av desse bilaga som gjorde at mistanken vart styrka.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Alme at meirverdiavgifta selskapet er mistenkt for å ha fått urettmessig utbetalt, har gått gjennom Fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane.

— Dersom skuldingane som no vert sett fram mot fiskeribedrifta i Måløy er korrekte, korleis kan dette late seg gjennomføre over ei så lang periode som fire år før det vert oppdaga?

— Det er eit godt spørsmål. Men Sogn og Fjordane er eit stor eksportfylke. Årleg betaler vi ut att 1,1 milliardar kroner i moms. Vi har ikkje kapasitet til å kontrollere kvar krone.

Rykter I fiskerinæringa har det lenge svirra rykte om OK Fish og den påståtte moms-svindelen. Sentrale kjelder i fiskerinæringa meiner at eit slikt dobbelt bokhalderi nok er teknisk mogleg, men svært naivt ettersom det er dømt til å bli oppdaga. Fleire er skeptiske til heile saka, og viser til at Jarle Kvalheim har mange fiendar i bransjen. Han har klart å komme opp i eit stort salgsvolum i løpet av kort tid. Dette har nødvendigvis ført til at konkurrentar har mista leverandørar og kundar. I løpet av hele denne perioden, har dessutan Kvalheim og OK-Fish vist gode økonomiske resultat.

Også tidligare har fiske-eksportørar blitt mistenkt for moms-snusk. Då har det imidlertid handla om små, snuskete «papirselskap» som ikkje omsette for meir enn nokre få millionar kroner i året. Dette er første gong ein stor og kjent fiske-eksportør vert for omfattende økonomisk bedrageri.