PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Ungdommen var 16 år då episoden skjedde ein laurdagskveld i juli i fjor. Saman med ei gruppe kameratar kom han gåande langs ein smal veg i kommunen, og nekta å gje plass til at ein møtande bil kunne passere.

Aller verst gjekk det ut over ein mann i 50-åra som var passasjer i bilen, etter at han steig ut for å få ungdommane til å flytte seg. Men også den 81 år gamle kvinna fekk omfattande brotskader etter behandlinga ho skal ha fått av 16-åringen.

Statsadvokaten har no tatt ut tiltale med ei strafferamme på inntil seks år fengsel etter valden.

Ifølgje tiltalebeslutninga vart mannen i 50-åra påført skader som medførte fem vekers sjukmelding, blant anna ved at 16-åringen sprang etter han og tok han att i ei trapp. Der drog han beina under mannen, slik at han fall og slo seg kraftig i hovudet, ryggen og venstre handledd. Vidare vart den liggande mannen påført ei rekke spark i hovud, rygg, skulder, nase, hand og ålboge.

Den 81 år gamle kvinna var også passasjer i bilen. Då ho kom ut, dytta 16-åringen henne overende på asfalten.

I fallet pådrog den eldre kvinna seg brot i handleddet og bekkenet.

Ifølgje tiltalen var den no 17 år gamle guten rusa under opptrinnet. Han må møte i Indre Sogn heradsrett den 22. mai, der blant andre den 81-årige kvinna skal møte som vitne.

Begge dei fornærma har i tiltalen sikra seg retten til å krevje erstatning frå gjerningsmannen.