PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Ifølgje politiet skal kvinna ha blitt misbrukt av tre menn av utanlandsk hærkomst, men ein av dei mistenkte har ifølgje politiet reist frå Norge.

Dei to gjenverande er 23 og 26 år gamle, og har begge flytta frå staden der fornærma bur.

Ifølgje tiltalebeslutninga vart den utviklingshemma kvinna misbrukt av begge ved to høve i 1997. Brotsverk av denne typen blir straffa etter paragraf 193 i straffelova, og kan gje opptil fem års fengsel.

Påtalemakta har også sikra seg retten til å krevde erstatning og oppreising på vegne av fornærma.

Den eldste av mennene er også tiltala for å ha kome med drapstrugsmål mot to vakter på ein utestad i Førde, og for å ha forulempa kvinnlege gjester i restauranten med fysiske tilnærmingar.

Straffesaka mot dei to mennene er beramma for Sunnfjord heradsrett 21. mai.