Fiskejukset skjedde i desember 1998, og omfattar reiarlaget bak fiskebåten «Bergholm», skipparen ombord, samt fiskemottaket Raudeberg Fiskeindustri og driftssjefen der.

Kaptein og reiarlag i retten

Både reiarlag, fiskemottak og driftssjef har fått solide bøter og krav om inndragning, til saman over 1,1 million for båten og 375.000 kroner på land.

Her har fiskemottaket Domstein Raudeberg vedtatt forelegget på 350.000 kroner, og driftssjefen har vedtatt ei bot på 25.000 kroner. I tillegg fekk han ein vilkårsdom på 60 dagars fengsel.

Men fiskebåtselskapet Bergholm har ikkje vedtatt førelegg og inndragning på 700.000, og må møte i retten saman med den underslagstiltalte kapteinen i januar neste år.

I tillegg har Vestnorges Fiskesalslag kravd reiarlaget for 422.000 kroner.

Innskjerpa

Det var 5. desember 1998 at «Bergholm» fiska nær 27 tonn torsk ut over kvoten, og tok den i land ved Domstein Raudeberg. Her vart 15 tonn bokført som brosme og 12 vart ikkje bokført i det heile, ifølgje tiltalen.

— Skipparen ombord er tiltalt for grovt underslag. Tidlegare vart slike saker dømt etter saltvassfiskelova, men etter ei innskjerping brukar vi no straffelova på slike forhold, seier 1. statsadvokat Harald L. Grønlien i Rogaland. Grønlien skal sjølv føre saka mot skippar og reiarlag, som startar for Nordfjord heradsrett 9. januar neste år.

«Bergholm»-saka i 1988 var blant dei første store sakene som vart etterforska etter at styresmaker og rettsapparat skjerpa inn reaksjonane mot fiskejuks.