PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Det var ei natt i januar i fjor at den 25-årige mannen frå Fjaler kommune skal ha mishandla ein mann frå Høyanger i fleire timar. Tiltalte er tidlegare voldsdømt, og har vanka i eit black metal-miljø. Ifølgje tiltalebeslutninga frå statsadvokat Yngve Johs. Andersen skal mannen først ha slått offeret medvitslaus med ei flaske. Av dette slaget fekk han eit kutt som seinare måtte syast. Vil krevje erstatning Vidare skal han ha slått, skalla og sparka den halvt medvitslause mannen gjentatte gonger i hovudet, ansiktet og på kroppen. Av det fekk han kuttskader i leppa, brot på nasebeinet, bloduttredingar rundt begge augene. I tillegg vart heile ansiktet opphovna. Mishandlinga skal ha pågått over eit lengre tidsrom, og offeret skal ifølgje tiltalen også ha pådrege seg psykiske skader.Vidare er 25-åringen tiltalt for gjentatte gonger å ha truga med å drepe den halvt medvitslause mannen, og for å ha henta ein gaffel og sagt at han skulle pirke ut auget hans.— Blir han funnen skuldig etter denne tiltalen, skal det alltid idømmast fengsel utan vilkår, opplyser statsadvokat Yngve Andersen. Strafferamma er på seks års fengsel. Aktor kjem også til å nedlegge påstand om erstatning til offeret. Advokat Thomas Jarning er i den samanheng oppnemnd som bistandsadvokat for Høyanger-mannen.- Han har vore utsett for eit alvorleg og grovt brotsverk, og skadeverknadene har vore svært alvorlege, seier Jarning. Spreidde stor frykt Han ønskjer ikkje å gå i detalj rundt skadene, og vil vurdere å krevje saka ført bak lukka dører. Etter det Bergens Tidende kjenner til, hadde den tiltalte vore i småklammeri med Høyanger-mannen tidlegare på kvelden. Det skal ikkje ha vore noko alvorleg, og det skal ikkje ha vore nokon slåsskamp i forkant av mishandlinga.Seinare på natta, i eit husvære i Høyanger sentrum, slo han mannen medvitslaus, og mishandlinga skal ha skjedd mens offeret låg på ein sofa.Den 25-årige Fjaler-mannen vart også i desember 1998 dømt for vald, og skal ifølgje dommen ha spreidd stor frykt blant sine offer. I dommen framgår det at 25-åringen spelar i eit black metal-band, og at eitt av offera hans den gongen vart så livredd at han regelrett gjorde i buksa.Forsvararen hans, advokat Ivar Blikra, har ferie og er utilgjengeleg for kommentar. Politiinspektør Else Øyrehagen Sætre er aktor når straffesaka startar i Ytre Sogn heradsrett den 5. juli.