ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noIndre Follo herredsrett har sett av den meste av mai og heile juni månad til saka. Politiet har ei vitneliste med 80 namn, og det er venta at forsvaret stiller med minst 20. Bergensar i bi-sak Ein 36-åring frå Fana, ein tollar på Svinesund og ei kvinne frå Oslo-området sit på same tiltalebenken mistenkte for å ha smugla 120.000 liter sprit over svenskegrensa saman med to av dei tiltalte i Ålvik-saka. Ein av østfoldingane er i tillegg tiltalt for forvaring av 4.000 liter sprit som skal ha vore smugla inn med båt til Oslo.Dei tre østfold-karane er tiltala for forvaring av minst 382.000 liter Ålvik-sprit på eit båtbyggeri i Våler, der sprit vart tappa på kanner. Spriten kom frå Hardanger i 16 vogntoglass på 24.000 liter kvar, i tida frå 8. mars 1997 til 2. september 1998. Svært omfang 500.000 liter sprit med 96 volumprosent alkohol tilsvarer vel 1,7 millionar flasker brennevin på polet, ei halvflaske til kvar arbeidsfør nordmann. Ingen frå Hardanger er mistenkte. Politiet trur at spriten vart kjøpt på ein fabrikk i Berlin, køyrt til Rotterdam, og smugla derifrå i store containarar med skip til Ålvik. Der hadde skipa lovleg ærend med å henta ferrosilisium og ferrosilisiummagnesium frå Elkem-smelteverket Bjølvefossen ASA. Via Sverige Spriten som kom over svenskegrensa, frå Dalby, vart køyrt med vogntog til ulike stadar på Austlandet i tida frå 6. oktober til 21 november 1999. Også her var det 24.000 liter sprit i kvar last. Bergensaren blant dei tiltalte i denne saka, vart i februar i fjor dømt i Kristiansand byrett for deltaking i smugling av 19.470 liter sprit over Kristiansand tollsted, men han vart seinare frifunnen av lagmannsretten. Kristiansand-saka er ei av smuglarsakene som ein 36-åring frå Austrheim er sikta frå å ha stått bak. Politiet trur at han frå "trygg hamn" i Brasil var bakmann for fleire transportar med smuglarsprit. Tollarsynd Tolltenestemannen som er tiltala i saka har ikkje berre smuglinga å svara å for. Han er også tiltalt for halda ein av dei medtiltalte orientert om tollkontrollar og elles røpa opplysningar som han som statstenestemann hadde teieplikt om.