PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bt.no

Dommen vart kunngjort tysdag klokka 14.

Krevde tre og to års fengsel Den hovudtiltalte 19-åringen hadde langt fleire tiltalepostar mot seg enn kameraten, som utelukkande var tiltala for sjølve jaginga og ropinga etter Arve like før han forsvann.

Aktor kravde under rettsaka tre års fengsel for hovudmannen, to år for kameraten.

Dette er er tiltalen og dommen, punkt for punkt:

I. Straffeloven 135a (rasismeparagrafen): For ved uttalelse som ble spredt blant allmennheten å ha forhånet en person på grunn av hudfarge og etnisk opprinnelse:

(Gjeld kun hovudtiltalte: Frå vinteren 1998 til 23. april 1999 ved fleire høve i Sogndal, Luster og Førde, forhåna han Arve Beheim Karlsen ved å kalle han jævla svarting, forbanna neger, svarting og liknande. Uttalane vart overhøyrt av ei rekke personar.)

Dom: FRIKJENT .

II. Straffelova 390a: Ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs adferd krenket han en annens fred.

(Gjeld kun hovudtiltalte: Vinteren 1998 fram til 23. april 1999 i Sogndal, Luster og Førde oppførte han seg hensynslaust og plagsamt overfor Arve Beheim Karlsen på ulike måtar. Fleire døme er nemnd i tiltalevedtaket.)

Dom: SKULDIG .

III. Straffeloven 228, 1. ledd: For å ha øvet vold mot en annens person.

(Gjeld kun hovudtiltalte: På ein fest i Kaupanger 31. oktober skalla han Arve Beheim Karlsen to gonger i ansiktet.)

Dom: SKULDIG .

IV. Straffeloven 228, 1. ledd: For å ha øvet vold mot en annens person.

(Gjeld kun hovudtiltalte: 23. april, natta då Arve forsvann, tok tiltalte tak i hovudet til Arve og drog han inn bak ein parkert buss i Sogndal sentrum.

Dom: SKULDIG .

V. Straffelova 227, 1. ledd, 2. straffealternativ: For under særdeles skjerpende omstendigheter i ord eller handling å ha truet med en straffbar handling som kan medføre høyere straff enn seks måneders fengsel under slik omstendigheter at trusselen var skikket til å fremkalle alvorlig frykt.

(Gjeld begge dei tiltalte: Fredag 23. april 1999, like etter at Arve hadde kome seg fri frå grepet skildra i post IV, sprand dei etter Arve over gangbrua og ned fortgjengarundergangen rundt 20 meter frå elva, og ropte: "Drep han" og "Drep denne negeren". Trugsmålet var rasistisk motvert og vart begått i felleskap.)

Dom: BEGGE SKULDIGE .

VI. Straffeloven 135a (rasismeparagrafen): For ved uttalelse eller annen meddelelse som ble fremsatt offentlig å ha truet en person på grunn av hans hudfarge og etniske opprinnelse eller å ha tilskyndet eller på annen måte ha medvirket til en slik handling.

(Gjeld begge dei tiltalte: Fredag 23. april 1999 truga dei Arve på grunn av hans hudfarge og etniske opphav, ved å springe etter han over brua i Sogndal sentrum med ropa "drep han" og "drep denne negeren".

Dom: BEGGE FRIKJENT .

Ut over dette inneheld tiltalen mot den hovudtiltalte ytterlegare seks punkt:

VII: Trugsmål mot ein drosjesjåfør i Naustdal:

Dom: SKULDIG .

VIII: Nedskalling av to personar, samt dytting av ein tredje person i Førde:

Dom: SKULDIG.

IX: Vald mot same drosjesjåfør som nemnd i post VII:

Dom: SKULDIG .

X: Forsøk på promillekøyring:

Dom: SKULDIG.

XI: Brot på drukkenskapslova, same episode som nemnd i post VIII:

Dom: SKULDIG .

XII: Urinering på offentleg plass:

Dom: SKULDIG . (For øvrig det einaste punktet der hovudtiltalte sjølv erkjente seg straffskuldig.)

Straffeutmåling

Hovudtiltalte : Fengsel i tre år, frådrag for 56 dagar i varetekt.

Tiltalte nummer to: Fengsel i eitt år, halvparten på vilkår. Frådrag for 56 dagar i varetekt.