Rusbrus har representert ein ny type rusmiddel i Noreg, eit rusmiddel spesielt populært hos ung ungdom og unge jenter. Tidlegare har det berre vore lov å selje rusbrus på Vinmonopolet. Lovendringa har no gjort rusbrus lettare tilgjengelig, og faren for auka alkoholforbruk i målgruppa er sannsynlig.

Fleire europeiske land har no gjennomført eller vurderer å gjennomføra tiltak for nettopp å redusera forbruket av rusbrus hos ungdom. Slike tiltak er også mulig i Noreg, sjølv innanfor EØS. Eksempel er å heva aldersgrensa til 20 år for rusbrus, høgare avgift eller innføra grense på 3,5 volumprosent for alkohol i butikk. Senterpartiet føreslo i Stortinget, saman med Ap og SV, at regjeringa skulle utgreia slike omsetnadsavgrensande tiltak for rusbrusen. Forslaget blei stemt ned.

Regjeringa har med denne lovendringa opna for auke i alkoholforbruket hos barn og unge, og sidan stemt ned forslag om å vurdere omsetnadsavgrensande tiltak. Dette er eit paradoks i ei tid regjeringa er leia av Kristelig Folkeparti.

KJERSTI TOPPE, ÅSANE SP