TERJE ULVEDALSIRI ØKLAND terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Kvalheim, dagleg leiar og eine-eigar i OK-Fish Kvalheim A/S, tilstår å ha forfalska momsoppgåver sidan 1995, altså to år tidlegare enn det han var sikta for. Det seier førstestatsadvokat Petter Nordeng i Økokrim til Bergens Tidendes nettavis.

Kvalheim blir sitjande i varetekt til han blir framstilt for varetektsfengsling — truleg i morgon tidleg. Politiet ønskjer å halda han fengsla for å sikra seg prov.

Politiet vil no følgja pengestraumen for å finna ut meir om svindelen, som er ei av dei største avgiftssakene nokon gong her i landet.

I avhøyr har Kvalheim antyda at han forfalska momsoppgåvene fordi bedrifta gjekk dårleg.

Det var i går at Økokrim slo til mot Kvalheim og firmaet hans. Fem spesialetterforskarar frå Oslo og ein tenestemann frå det lokale lensmannskontoret endevendte kontorlokala og beslagla reknskap, bilag og elektoniske data frå dataanlegget.

Kvalheim blei sikta for meirverdiavgift-bedrageri for 220 millionar kroner, og sat i går kveld i lange avhøyr.

Oppsiktsvekkande omfang Den storstilte svindelen skal ha skjedd med bruk av ein velkjent metode – det oppsiktsvekkande er det store omfanget. Her er Økokrims teori om framgangsmåten:

  • I oppgåver sendt til fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane har OK-Fish Kvalheim hevda at dei har betalt meirverdiavgift for store mengder oppdrettsfisk som har dei har seld vidare til utlandet.
  • Fordi fisken har gått til eksport, har fylkesskattekontoret refundert momsutgiftene.
  • I realiteten hadde det aldri vorte betalt moms for fisken. Dermed vart millionrefusjonen frå fylkesskattekontoret – i fjor ca. 100 millionar kroner – rein nettogevinst for selskapet.

Les også: Fiskekonge sikta for millionsvindelTips førte til storaksjonLever eit nøkternt liv

Dagleg eigar og eine-eigar i OK-Fish Kvalheim AS, Jarle Kvalheim, tilstår å ha forfalska momsoppgåver sidan 1995.