OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no Stord

Norsk Tipping har i samarbeid med Kulturdepartementets Merkur-prosjekt gått med på å gje 13 nærbutikkar i distriktet løyve til å vera spelkommisjonær. Sju av butikkane ligg i Sogn og Fjordane og Hordaland:

*** Matkroken, Veitastrond i Luster**

*** Buo Landhandel, Bjoa i Ølen**

*** Åkrafjordtunet ved Markus i Etne**

*** Nærmat, Onarheim på Tysnes**

*** Brødrene Dalland, Strandvik i Fusa**

*** Bjørndal Handel, Tyssebotnen på Osterøy**

*** Haugsvær Mat, Haugsvær i Masfjorden**

Marknadssjef Tom Erik Hovde i Norsk Tipping understrekar at selskapet har gått med på å gå inni ein prøveperiode med mindre nærbutikkar etter initiativ frå Merkur-prosjektet, som skal fremja interessene til små utkantbutikkar.

Frå før er 12 utkantbutikkar med i eit tilsvarande Merkur-prosjekt. Prøveperioden varer i eitt år. Første halvårsevaluering var positiv, ifølgje Hovde.

Norsk Tipping har 3817 kommisjonærar landet rundt, og stiller strenge og konsise krav til omsetnad, kundetilstrøyming og butikkareal. Det vil Norsk Tipping halda fram med å gjera, så det kan vera tvilsomt om nærbutikkane som no får speltenester kan halda fram med det etter prøveperioden.

Normalt krev Norsk Tipping ein minste årsomsetnad på 25-30 millionar kroner hos ein daglegvarebutikk for å gje kommisjonærstatus.