Hans ærend er noko uklårt. Men vi får å forstå at: 1. BT-journalist Landro talar usant; 2. domkantor Mangersnes er vrang og vanskeleg; 3. og hans kumpanar har all makt over kyrkjekultur i Bergen sentrum; kvar den som vil tilby slik kultur der, må vende seg til JFK og Kulturutvalget for å få plass.

Til desse punkta er å seie at: Landros artiklar informerer godt og dekkjande om ei sak omfatta av mykje interesse. Domkantoren er vide kjent og høgt skatta, som kunstnar og instruktør for sin klare profil med sterke kvalitetskrav, kjærleik til nedervde skattar og levande interesse for det moderne. Musikantar og songarar kjenner dessutan den lune, smålåtne humoristen og det audmjuke, trufaste medmennesket.

Musikkmiljøet i Domkirken vil ikkje «la seg inkludere» i ei kuppliknande ordning der JFK skal styre. Like lite kan det godta at løyvingane som domkantoren har oppnådd, skal takast frå han.

Bjørvin KirkemusikkAS vart skipa, nedanfrå og opp, som sekundær, hjelpande organisasjon for å frigjere domkantoren si skaparkraft og sikre god økonomisk/administrativ styring av konsertverksemda i domkyrkja. Organisajonen har lukkast nokså bra.

Kulturutvalget derimot er skipa nyleg, ovanfrå og ned, som primær, styrande organisajon.

Framtida til Kulturutvalget har soknerådet enno ikkje avklara.

JFK har ikkje skapt kunst. Heller ikkje kyrkjeverja Wik. Like fullt hevdar dei å ville «løfte frem kirkemusikken». Dei vil avgjere kva som skal framførast og kven som skal få gjere det. Det er naivt å tru at Kulturutvalget ikkje er ein lekk i planen med å få kontroll over domkantoren si verksemd, med føremål å avvikle denne! Slikt kan sjølvsagt ikkje seiast beint ut om eit menneske som har utretta eit eineståande livsverk og som er tilsvarande verdsett og premiert av publikum, kulturliv og Konge.

Difor løyner dei ærendet sitt når dei skal grunngje styringstrongen sin. Kvifor skal den påfallande hjelpetrongen nettopp råke miljøet i Domkirken? Svaret er like enkelt som det er nedslåande; kyrkjeverja Wik ynskjer ikkje denne verksemda, og han har støttespelarar på alle plan. I brev til kommune og kulturråd nyleg, informerte JFK direktørane om at det no er han som rår, og at løyvingane må kome direkte til utvalet hans.

I desse dagar innstuderer domkantoren musikkverk av Bach og Händel enno ein gong. I songkoret sit også skuleungdomar, gutar og jenter som er fengsla av estetisk og åndeleg stordom. Og framføringane fyller domkyrkja av menneske som, i fylgje kroepeliensk visdom, ikkje veit kva som gagnar «utviklingen, fremtiden og ungdommen»! Ein oppnår ikkje kunstnarleg resultat ved populære talemåtar og forslite frasespråk. Kunsten oppstår som fylgje av genuin interesse, planlegging og slit. Det er forklaringa på at den er så sjeldsynt i kyrkjene! Men løyvingane kom ikkje først. Dei kom som fylgje av årelangt kvalitetsarbeid. Difor kan domkantoren og miljøet kring han, unnvære styringsivrige «hjelparar». Kanskje kunne Mangersnes endeleg få arbeidsro?

Av Bjarte Tennfjord