LARS MÆLAND (tekst og foto) lars.maeland@bergens-tidende.noØlen

Ølensbuen kan med dette ha funne nøkkelen som opnar døra for førstegongsetablerarar også i andre kommunar.

Ein attraktiv bustad til overkommeleg pris er blant tiltaka Ølen satsar på for å få ungdomen til å slå seg ned i kommunen.

— Det er ein trend i tida at ungdommen søkjer til byane, og skal me få dei til å slå seg til her er eitt av virkemidla å tilby dei attraktive bustader til ein pris dei kan leva med, seier Arne Bergsvåg, ordførar i Ølen. - Inngangsbilletten til bustadmarkedet er svært høg også på landsbygda, men gjennom den satsinga på ungdomsbustader me no er i ferd med å gjennomføra har eg tru på at me få til eit spennande opplegg til beste for dei unge, legg han til.

Meir enn prat Mange snakkar om tiltak for å letta presset på bustadmarkedet, spesielt for unge førstegongs etablerarar. Ølen kommune ville gjera meir enn å prata, og fekk Husbanken i Bergen med på eit opplegg der målet var å skaffa hus til unge mellom 20 og 35 år, med ei øvre prisramme på 450.000 kroner.

Det heile munna ut i ein konkurranse der ni firma meldte si interesse. No ligg resultatet føre med to premierte forslag.

— Det var ei vrien oppgåve å skilja mellom dei to, men juryen meiner at bergensarkitektane Anna og Jostein Molden ved Erik Molden saman med Meling Bygg AS på Sand leverte den mest kreative løysinga på den bratte og noko vanskelege tomta me stilte til disposisjon. Her er det mykje frisk nytenking, både i planlegging og konstruksjon, noko som blir premiert med 50.000 kroner. Samarbeidet mellom arkitektfirmaet Arkidea på Stord og Vest Bygg gir også ei god løysing, og blir premiert med 25.000 kroner. Dette prosjektet håpar me å få oppført på ei anna tomt i kommunen, seier Bergsvåg, som og er leiar av juryen.

Mange interesserte Vinnarutkastet har sju like hus kjeda saman i rekkje, kvart hus på 51 kvadratmeter. Det har alt meldt seg fleire interesserte som kan tenkja seg å kjøpa slike husvere i Øvrehagen ved Ølen sentrum.

— Me kjem til å innkalla interesserte til møte med det første, og målet er å ha ferdige hus til jul, seier Arne Bergsvåg.

Den friske satsinga i Ølen kan gi resultat også andre stader.

— Det er fritt fram å oppføra tilsvarande bustader også i andre kommunar, og me er gledeleg overraska over at så mange har vist interesse for det initiativet me har tatt saman med Husbanken i Bergen, seier Arne Bergsvåg.

Prisverdig tiltak Husvera som vann konkurransen har to soverom og stove med open kjøkenløysing, og garasje og boder i underetasjen.

— Ølen har kome med eit prisverdig innspel for å gi starthjelp til førstegongsetablerarar. Opplegget passa ypperleg inn i det som er eit satsingsområde for Husbanken; å stimulera til gode og rimelege bustader for unge. Difor deltok me med prispengar i eit spennande prosjekt, seier sivilarkitekt Oddvar Rørtveit i Husbanken i Bergen.

KREATIV LØYSING: På ei bratt og vanskeleg tomt i Øvrehagen nær Ølen sentrum skal det bli rimelege ungdomsbustader. Ølen-ordførar Arne Bergsvåg er imponert over dei to premierte forslaga som kom inn i konkurransen, der bergensarkitektane Molden vann.