Det er som om eg kan høyra Arne Strand — politisk redaktør i Dagsavisen - pusta letta ut. Denne veka skreiv han ein kommentar han kalla «Blokkene har gjenoppstått», og i Arne Strands bilete av det politiske Noreg betyr det at bitane er i ferd med å falla på plass igjen. Vi er tilbake til det normale!

Han er ikkje åleine som ser det slik. Det verste er at dei kan få rett.

Det var mykje enklare før. Då hadde vi ein delestrek i norsk politikk som berre unntaksvis vart kryssa. På venstresida av streken fann vi Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti (NKP) og etter 1961 Sosialistisk Folkeparti (SF) - seinare SV. På høgresida av streken hadde vi Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre. Samlebegrepa for dei to blokkene varierte noko, men på høgresida vart dei kalla borgarlege eller ikkje-sosialistiske.

Nytt politisk kart

Ap og NKP vart kalla sosialistar heilt til det enda som skjellsord og vart betrakta som belastande. Men i alle fall - to blokker var det, og den som var størst skulle styra landet. Då eg var liten var det Arbeidarpartiet, og i mange år heitte statsministeren Einar Gerhardsen.

Det var nokre oppfinnsame valforskarar som første gongen kom til å teikna eit politisk kart som var litt meir komplisert enn aksen høgre-venstre. Dei kom opp med ein trekant der det viste seg at i mange viktige verdispørsmål hadde veljarane preferansar som ikkje kunne fangast opp av den tradisjonelle aksen.

Eg meiner å hugsa at Anne Enger Lahnstein drog fram denne trekanten i ein fjernsynsdebatt. Ho gjorde det ikkje lett for seg, for det var ei vanskeleg pedagogisk øving ho gjekk i gang med - ikkje heilt tilpassa tv-mediet. Men ho hadde gode poeng, og etter kvart var det fleire enn framtøke valforskarar som forstod at Anne Enger Lahnsteins trekant viste politiske realitetar.

Rota til biletet

Men det var først framfor valet i 1997 at dette skulle gje seg handfaste resultat i norsk politikk. Då vart sentrumsregjeringa lansert, og sanneleg tedde ikkje veljarane - og Thorbjørn Jagland - seg slik at Kjell Magne Bondevik, med støtte i KrF, Venstre og Senterpartiet, kunne overta makta.

Dette rota til det politiske biletet for alle som hadde svore truskap til blokktenkinga i norsk politikk. Andre løysingar streid mot naturlovene. Det kunne ifølgje Lars Hellbergs doktrine ikkje skipast regjering i Noreg med mindre Arbeidarpartiet eller Høgre var med på laget.

Det gjekk godt frå hausten 1997 til våren 2000. Det var i den perioden Kjell Magne Bondevik vart kåra til den mest populære statsministeren i nyare tid. Det gjekk så godt at Høgre og Arbeidarpartiet - frå kvar sin politiske utkant - ikkje kunne tillata det lenger. Difor felte dei sentrumsregjeringa.

Hagen legg føringar

No viste det seg at veljarane ikkje var så begeistra for sentrumsregjeringa at dei gjekk mann av huse for å røysta KrF, Sp og Venstre. Venstre fall under sperregrensa, og sentrumsalternativet havarerte. Deretter gjekk KrF i kompaniskap med Høgre, med Venstre på lasset, og der er vi no.

Men det er Fremskrittspartiets rolle som fødselshjelpar for Bondevik II, og som budsjetthjelpar for andre året på rad, som gjer at somme ser konturane av den gamle blokkpolitikken. Bondeviks såkalla samarbeidsregjering bind seg alt meir tydeleg til Carl I. Hagen, og det ligg føringar i årets budsjettavtale som høgst sannsynleg set strek for budsjettsamarbeid med Ap i denne stortingsperioden. Bondeviks utsegner om det motsette må sjåast som eit panisk forsøk på å bagatellisera bindinga til Frp.

Det er mange i Kristeleg Folkeparti som drøymer seg tilbake til den gode tida i sentrumsregjeringa. I Venstre er kjenslene meir delte. Senterpartiet stiller opp dersom det blir bruk for dei.

Utfordra fløyane?

Men Kristeleg Folkepartis plassering av seg sjølv i Høgres famn - og på Framstegspartiets nåde - kan gje Arne Strand og hans meiningsfrendar rett: Vi er på veg tilbake til toblokk-delinga. Frp, Høgre, KrF og Venstre på høgre sida, og resten på den andre. Dersom det er dette veljarane ønskjer, så blir det slik.

Vi andre kunne synast det var spennande om sentrum ville våga å utfordra dei to fløyane, i staden for å gli inn i famnen deira. Men det krev politisk mot, og det krev ein resonansbotn ute i folket. Kanskje den ikkje finst?

Men dei gjer seg nok sine tankar i Kristeleg Folkeparti nå når partiet får 5,9 prosent på ei måling. Er det regjeringssamarbeid med eit dominerande Høgre som er framtida? Er det i så fall mogeleg å unngå at Frp blir ein del av regjeringa etter 2005? Er det politisk spiseleg?

Ordførarane i partiet ønskjer ei nyorientering i retning Arbeidarpartiet? Er det sikkert at det er ein betre veg å leggja ut på? Med eit svekka Ap på rundt 20 prosent - kanskje Valgerd Svarstad Haugland skulle ordna det slik at KrF ikkje blokkerer for eit tredje alternativ i norsk politikk?