PER MARIFJÆRENMannen var aleine i huset. Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårska, men ved Høyager lensmannskontor får Bergens Tidende opplyst at brannen truleg starta i første etasje. Huset, som ligg i Sæbøgata, vart totalt utbrent, men tak og yttervegger står framleis. Politiet vil mandag vurdere korvidt det er trygt å gå inn i huset for å søke etter branårsaka. Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar i nærleiken, ettersom det var heilt stille i været.Huseigaren, som er midt i 30-åra, er innlagt på sjukehus til observasjon, får vi opplyst.