PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noTruleg er dette første gongen det blir rettsak om utsjånaden på ein bensinstasjon.Med eigne vedtekter har Førde kommune dei siste åra forsøkt å rydde opp i den glorete skiltjungelen i tettstaden. Fleire forretningsdrivande har fått pålegg om å fjerne eller endre skilting, og ikkje minst gjeld dette oljeselskapa.I Førde har blant anna Shell fjerna lysmaster frå begge sine stasjonar, medan Esso nektar å etterkomme det kommunale pålegget om å rive lysmasta med logo og bensinprisar. Selskapet har klaga saka inn for Fylkesmannen, som i sin tur har stadfesta kommunens vedtak. Når Esso Norge vil prøve denne saka for retten blir motparten dermed staten, som har oppretthalde vedtaket gjennom Fylkesmannen.Den Esso-masta som Førde kommune vil ha fjerna, har stått på stasjonen i sentrum, like ved E 39, sidan 1982. Og dei skiltvedtektene som gjeld i Førde i dag, er frå 1995. — Vi meiner at kommunen er i sin fulle rett til å gje pålegg med tilbakeverkande kraft, seier bygningsjef Bernhard Øberg i Førde. Øberg støttar seg til plan- og bygningslova, der det mellom anna heiter at kommunen kan kreve fjerna ein skiltinnretning som er skjemmande i seg sjølv eller i høve omgjevnadene.- Vår grunngjeving går særleg på dette siste punktet, seier Øberg.Ifølgje Esso Norge er stemninga snart undervegs til Sunnfjord heradsrett, og dermed blir det opp til retten å avgjere om den neonbelyste Esso-masta ved E 39 Hafstadvegen i Førde har livets rett.