Krava frå seglskipa «Statsraad Lehmkuhl», «Sørlandet» og «Christian Radich» er no oppe i sju millionar kroner. Etter langvarige og mislykka forsøk på å drive inn pengane frå stiftinga «Sea Trek Foundation» og grunnleggjaren William K. Sadleir, blir både stiftinga og Sadleir personleg stemna for retten.

Samtidig har media i Sadleirs heimby, OL-byen og mormonar-hovudstaden Salt Lake City, fatta interesse for pengeoppvasken i kjølvatnet av sommarens storstilte seglas over Atlanteren til New York.

Både storavisa Salt Lake Tribune og den mindre Deseret News trykte torsdag lengre artiklar om turen som skulle vere ei hylling av mormonaranes tidlege historie og utvandringa til USA for 150 år sidan, men som endte i eit storstilt slagsmål om pengar.

Slutt på tolmodet

— Vi har gitt William K. Sadleir mange fristar, men pengane har ikkje kome. No er det slutt på tolmodet, seier Per Langhelle i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Dei har til gode 400.000 kroner. «Christian Radich» er verst ute, med 3,4 millionar kroner til gode. «Sørlandet» krev 3,3 millionar kroner.

William K. Sadleir var før helga i Portugal, ifølgje Salt Lake Tribune. Han seier til avisa at det einaste håpet kreditorane har, er det arbeidet han driv med å samle inn milde pengegåver frå rike mormonarar. Han langar også ut mot mormonarkyrkja for ikkje å støtte minneturen økonomisk.

— Dei har ingen vanskar med å ause ut millionar for å forsvare barnemishandlarar, men å hjelpe oss med noko så positivt som Sea Trek 2001 vil dei ikkje, seier Sadleir til avisa.

Kona har pengane

Dersom dei norske skuleskipa får medhald i tingretten, vil ei ny stemning bli sendt til ein amerikansk domstol via diplomatiske kanalar.

Kravet vil enten vere at saka blir tatt opp til doms på nytt der, eller at pengane blir tvangsinndrivne med grunnlag i dommen frå Bergen.

Sjølv har forretningsmannen Sadleir hevda at det ikkje er pengar å hente hos han, fordi alle eigendelane hans er overført på kona. Det velståande ekteparet donerte sjølve over 4,5 millionar kroner til prosjektet, ifølgje internettsidene til Sea Trek 2001.