TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noI ein felles klage frå forskarmiljøet fyrer dei av ei breiside mot Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) for å ha overkøyrt kulturminnevernet.Grunnen er først og fremst at den store vindmølleparken vil verte bygt nær det store kloster- og helgenanlegget på Selja. - Total overkøyring Middelalderforskarane har spesielt hengt seg opp i at NVE meiner varig verna kulturminne ikkje vil verte direkte berørt av utbygginga, og at påverknaden frå den planlagde vindparken berre vil verte visuell. Dette er etter NVEs syn ikkje nok til å stoppe utbygging på Stad-platået. - Her viser NVE ein total overkøyring av styremaktene for kulturminne, og dei merknader som støttar deira vurderingar. Vi understrekar at dei vurderingar Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort, må leggjast langt større vekt på, meiner forskarmiljøet. Det er nokre av dei fremste middelalderforskarane i landet som no stiller seg i spissen i kampen mot den omstridde vindmølleparken på Hoddevikfjellet i Selje kommune. Dei fem professorane som har skrive under klagen er Gro Steinsland (professor i religionshistorie), Else Mundal (professor i norrøn filologi), Knut Helle (professor i middelalderhistorie), Invild Øye (professor i middelalderarkeologi) og Hans-Emil Lidin (professor emeritus). I tillegg kjem 11 andre forskarar som også har skrive under klagebrevet. Sentral plass i norsk historie I klagen viser dei 16 fagfolka til at den planlagde vindmølleparken vil verke forstyrrande på opplevinga av kulturminne og kulturlandskap. - Selja og Stadlandet er historisk vevd saman, og det eine bør ikkje lausrivast frå det andre. Området framstår i dag som så godt som uberørt, og det forsterkar opplevinga av kulturminna på Selja og Stad, skriv forskarane.Dei viser også til Stadlandets sentrale plass i norsk historie. Selje Kloster vert karakterisert som eit av dei eldste, viktigaste og mest interessante kyrkjehistoriske plassane i landet. Eit kloster- og helgenanlegg som det på Selja er unikt i norsk samanheng og også spesielt internasjonalt.- Stadlandet har vore, og er, eit monument i kystlandskapet for farande i alle tider. Det har vore ein stoppestad og eit vegskilje mellom nord, sør og sjøveien til Island og Færøyane. Av mange historiske hendingar er kristningstinget for Vestlandet på Dragseidet kanskje det viktigaste. Eit så stort inngrep som denne vindmølleparken vil representere, vil gje svært store negative konsekvensar, konkluderer middelalderforskarane.Dei ber Olje- og energidepartementet stoppe vindkraftverket.

LES OGSÅ: men Natur og Ungdom seier ja