• Ein «formidabel skuffelse». Det var Aksel Kloster sin karakteristikk av vedtaket i går om å oppretta snøggbåtrute Rosendal-Flesland-Bergen.

Ikkje slik å forstå at ordføraren i Kvinnherad er i mot at det går snøggbåt mellom Rosendal og Bergen.

— Rutestrukturen i indre Sunnhordland vert faktisk noko betre med det nye opplegget. Men innstillinga i går frå miljø- og samferdsleutvalet, medfører at indre Sunnhordland, som Ølen, Fjelberg, Skånevik og Utbjoa, må ta til takke med ein skyssbåt på eitt skrog. Det er heilt uakseptabelt.

- Mindre stabile

— Båtane med eitt skrog er mindre stabile, mindre komfortable, farten er mindre, og passasjerane får dårlegare service. Vi har sett skrekkeksempel på dette både i indre Hardanger og i Austevoll, seier Aksel Kloster til Bergens Tidende.

Innstillinga frå miljø- og samferdsleutvalet i går var i tråd med forslaget til fylkesrådmann Paul M. Nilsen, og det nye sambandet er tenkt trafikkert med «Baronessa», som er ein katamaran. Det er pengar det står på. Innanfor knappe rammer vert alltid slik at endringar som er til det betre for nokon, gjev andre dårlegare tilbod enn dei har vore vane med. Forslaget frå rådmannen har då og fått hard medfart lokalt. Avisa Sunnhordland raste mot forslaget i eit oppslag måndag.

Ser sjansen

Aksel Kloster var til stades på møtet i fylkeshuset i går for å leggja press på sine partifeller frå Arbeidarpartiet. Det hjelpte berre så måteleg. Fleirtalet var Ap pluss Høgre og utvalsleiaren, Bente Bondhus frå Sp. Men det vart så knapt som 8 mot 7, så Kloster ser sjansen til å få endra på ting i dei neste rundane, som er fylkesutvalet og fylkestinget, der saka skal endeleg avgjerast.

— Vi skal utfalda stor aktivitet i dagane som kjem og kjempa hardt for Kvinnherad sitt syn. Vi vil mellom anna at Flaggruta skal gå oppom Ranavik og Sunde, og så må vi setja alt inn på at rutene i indre Sunnhordland vert utførde med toskrogs båt.

KAMPKLAR: Kvinnherad-ordførar Aksel Kloster vil slost for at indre Sunnhordland får snøggbåtsamband på to kjølar i staden for ein.
FOTO: GIDSKE STARK