Journalisten og fotografen har, som bilete viser, starta sin rundtur i Skuggedalen i gråvær med låg skodde. Med dette i sinnet har dei reist vidare og dermed teikna eit ganske svart bilete av Masfjorden.

Hadde journalisten teke utgangspunkt i den rakrygga, staute 83 åringen på bilete, kunne han utan tvil levert eit godt arbeidsstykke.

Eller han kunne teke utgangspunkt på Solstrand, som ligg ein annan stad i Masfjorden. Der er det gamle skulehuset ombygt og hyser no ein barnerik familie. Hadde dei reist vidare med ” sol i sinn”, hadde dei funne at dugnadsånda er STOR i Masfjorden. Mellom mykje anna hadde dei funne trekkspelklubb, sjakk-klubb og skulemusikk. Dei to siste har hevda seg i landssamanheng.

Eg er klar over at det var kontrastar dei var ute etter, og det leita dei seg fram til. Men kven gagnar det å skriva ein slik reportasje?

Mitt ønskje er at de tek ein ny rundtur i Masfjorden, denne gongen utan skodde for auga, og historia vil verta ein HEILT annan. Men gjer vel, finn ikkje noko bygd å setja den opp i mot. Ingen fortener einsidig negativ omtale.

Berit Trå, Skulestadmo