Venstre sitt forslag vil redusere tidsbruken og kostnadene dei mange småbedriftene har i dag med t.d. rapportering, utfylling av skjemaer og til rekneskapsføring. Forslaget frigjer såleis tid frå kostnadskrevjande uproduktivt arbeid, som kan nyttast til produktivt arbeid i privat sektor. Forslaget reduserer òg skjemaveldet det offentlege skal kontrollere og inneber også slik sett ei forenkling. Arbeidarpartiet går mot forenklingsforslaget, og viser på nytt at partiet er ein bremsekloss på vegen mot eit enklare Noreg.

Rolf Nesheim,listekandidat for Sogn og Fjordane Venstre ved stortingsvalet