NSB vonar at lina kan bli klar til Morgonekspressane (Signatur) i dag, men kan ikkje lova det sikkert. Rasfaren i fjellet kan hindra Jernbaneverket sine folk i å jobba uforstyrra.

Fleire tog måtte innstillast på Bergensbanen i går kveld og i natt, og fjellovergangane var for usikre til å setja opp buss mellom Voss og Ål i staden.

Litt før klokka 16 i går ettermiddag hadde hjullastaren gravd seg gjennom rasmassane, hardpakka snø blanda med treplankar og aluminiumsplater frå 67 meter knust snøoverbygg.

Dermed stod det att arbeid med å erstatta fire stolpar og om lag 500 meter køyreledning, eit arbeid som kan ta 15 timar. Ledningsfolk vart kalla ut både frå vestsida av fjellet og austsida (Ål) for at det skulle gå radig unna i snøføyka. Dei to arbeidslaga kunne dermed jobba frå kvar sin kant. Tid kunne vinnast fordi stolpane kunne festast til ein halvhøg murvegg som står att av snøoverbygget.

Dersom skadane er reparert tidleg på natta, er det aktuelt å senda godstog over først.

Raset gjekk grytidleg i går morgon, men heldigvis etter at nattoga hadde passert. Det var ingen tog i området då togleiar i Bergen såg at straumen vart borte i køyreledninga.

Raset kom deisande nedover den bratte fjellsida i 120 meters breidde. Vel 60 meter av snøoverbygget vart knust. Den austlegaste delen vart dytta minst 50 meter nedover, men stogga mot to solide containarar, som hindra vidare ferd mot dalbotnen. Containarane tilhøyrer entreprenørfirmaet som i sommarsesongane arbeider med rasvernande tiltak akkurat her.

Utanfor snøoverbygget var knapt 60 meter av Bergensbanen lagt under tettpakka snø, men dei største snømengdene trefte bygget.